– Olavssteinen her på øya vendar mot fastlandet og Sunniva-statuen på torget i Selje. I så fall er dei et godt par, akkurat som dei var i mellomalderen, sa Holme under avdukinga.

Steinen er laga som eit minnesmerke over fire kongar Olav som har vore viktige for Selja. Først Olav Tryggvason, som starta alt ved å gjere Selja til eit pilegrimsmål. Deretter Olav Haraldsson, eller Olav den Heilage, som kom for å bli konge og kristne landet. Den tredje var Olav Kyrre i 1068 da Norge blei delt inn i tre bispedøme, Nidaros, Oslo og Selja. Og så Olav V som i 1968 feira 900-årsjubileum for Bjørgvin.

– Dette var også Harald og Sonja sitt første offisielle oppdrag. Så det var spesielt for oss at ho kom tilbake 50 år etter, seier Torkjell Djupedal.

Steinen ble avduka til fanfare frå ordførar i Eid Alfred Bjørlo, talar frå riksantikvar, ordførar Stein Robert Osdal og ein rørt Torkjell Djupedal som har jobba lenge for å få dette prosjektet på plass. Speidarar hadde flaggborg og eit mellomalderkor bidrog med song.

Riksantikvar Jørn Holme snakka om at han ønskte at fleire fekk auga opp for Selja og betydinga øya og klosteranlegget har i historia.

- Det er vår draum at norske og utanlandske turistar i tusenar også stiger i land på Selja, Norges mest magiske og vakraste historiske stad.

Olavssteinen og Sunnivastatuen er begge prosjekt gjennomført av Venner av Selja kloster, og Olavsteinen er kome på plass ved hjelp av storstilt dugnad frå fleire, samt velvillige grunneigarar. Det er Torkjell Djupedal takksam for og fortel at det også handlar om alt frå dei som hjelpte til med å få steinen på plass ute på øya, til vedkommande som donerte steinen, som graverte den og mange andre som har bidrege.

- Og vi har også parallelt fått laga nokre fine skilt, eitt som skal stå ved Olavssteinen på Bø og eitt som skal stå på torget i Selje ved Sunnivastatuen, seier Djupedal.