St. Jetmundkyrkja frå mellomalderen (cirka år 1150) ligg på Åheim, og kan vere blant dei eldste kyrkjene i landet. Kyrkja er bygd i marmor og gråstein i enkel romersk stil. Namnet kjem frå den engelske kong Edmund (Jetmund) som etter legenda kom reisande over Maurstadeidet og meinte at Åheim ville vere ein god stad å byggje kyrkje.

Kong Edmund vart drepen av vikingar og  seinare kanonisert til helgen i den anglosaksiske kyrkja.  Kyrkja er open frå 1. juli, då kan ein kome på guida tur med Brit Løvold.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.