Malakoff Rockfestival ligg an til å bli utseld også i år, og i skrivande stund er det heilt tomt for teltbillettar. I tillegg er 94% av alle tredagarspassa selde, og 75% av festivalpassa for to dagar.

Det er også berre rundt 200 dagspass per dag igjen, og i lavvocampen er det 30 telt som framleis er tilgjengelege.

- I fjor var det ein voldsom pågang etter billettar etter at vi var utselde, og mange som var seint ute vart skuffa, fortel festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal, som anbefalar alle å sikre seg billett no.