I år er arrangementet frå 28. juli til 4. august. Arrangør er Norske symfoniorkestres Landsforbund (NASOL).

Kursleiar er Jan Ola Amundsen, dagleg leiar i NASOL, og i år deltek 75 amatørmusikarar frå heile landet.

Kurset held som vanleg til på Fjordane folkehøgskule på Eid.

– Det finst neppe betre alternativ, både plassmessig, sosialt og musikalsk. Det trivelege og hjelpsame personalet ved skulen speler også ei stor rolle, skriv arrangørane i ei pressemelding.

I samband med kurset blir det også konsertar. Fredag 3. august er det kammerkonsertar rundt om i Eid, og laurdag 4. august, på avslutningsdagen, er det framføring i Operahuset.