Etter en flott åpningsdag av Malakoff Rockfestival inntar det store Malakoff-publikummet i dag festivalområdet når hovedscenen (Malakoff-scenen) for første gang tas i bruk i år. Følgende artister skal i aksjon på Malakoff-scenen, Amfi-scenen og Pepsi Max-lavvoen fredag:

Revolt, Halie, Vazelina Bilopphøggers, Thulsa Doom, Jackbow, Side Brok & Sirkel Sag, Satyricon, Gabrielle, Aurora og Ghost.

Revolt

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Voldsam speleglede, energisk framføring og iøyrefallande stadiumlåtar gjer det unge fem-mannsbandet til ei oppleving som imponerer kraftig. Revolt er klare for framtida, og vi er klare for Malakoff18!

For deg som: Likar musikalsk og melodiøs breidde. Frå introvert sårheit til energisk kaos, Revolt har heile pakka.Du kan forvente deg: Ein rockerevolusjon frå ein oppsiktsvekkande god vokalist og eit autentisk band som kan nå uendeleg langt.Hits: Unstable, Oh! og Outdrop

Halie

Malakoff Rockfestival sin omtale:

16 år gamle Halie  frå Bergen er eit eksepsjonelt musikalsk talent som sidan livedebuten sin på bransjefestivalen Vill Vill Vest har stø kurs mot stjernene. Trass si veldig ferske karriere vert bergenseren hylla av ein samla norsk musikkbransje, og vi spår store ting for jenta med den store stemma. På Malakoff18 vil du fort skjøne kvifor!!

For deg som: Ikkje er ukjend for Aurora, Sigrid og anna drivande, nyskapande norsk musikk.

Du kan forvente deg: Feite og poppa beats, med ei tydeleg og særeigen stemme som set stemninga i kok frå første stund.

Hits: Youth og Echo

Vazelina Bilopphøggers

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Dæven! Toten-rockabilly-legendene kickstartar fredagen på Malakoff18! Her får du det ypperste av norsk showbusiness og rockehistorie frå eit av dei mest folkekjære banda vi har. Allsangfaktor: terningkast 10!

For deg som: Alltid har drøymt om å oppleve barndomssheltane og legendene frå Toten.

Du kan forvente deg: Berusande underhaldning, ljomande allsang og fantastiske slagers.

HitsSurfbrett, Traktor med henger, Fort fort fort, Blålys, Musikk Tel Arbe, Borgil og Spikre Paller

Thulsa Doom

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Rockarane i Thulsa Doom er endeleg tilbake med orginalbesetning og ei kanonbra ny plate i stonerrocklomma.For deg som: Likar klassisk hardrock/stonerrock som får fullvaksne menn til å grine!

Du kan forvente deg: Heilt nye riff, allsang gjennom heile konserten og eineståande festivalkjærleik.

HitsKick Me, Lady Nina og Machine of Oslo

Jackbow

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Det unge rockebandet frå Nordfjordeid vann SommarLutt-prisen under Malakoff17 og får dermed i år utfolde seg på den nye Lavvoscena. Dei har nettopp spelt inn ny musikk i Ocean Sound Recordings på Giske, og er til sommaren klare med nye råtøffe rockelåtar!

For deg som: Set pris på kule rock, herleg raspete vokal og svolten speleglede.'

Du kan forvente deg: Å bli kraftig imponert av unge, lokale framadstormande gutar frå Nordfjordeid.

Hits: Gravity, Empty og Somebody

Side Brok & Sirkel Sag

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Etter to års pustepause er hip-hop-heltane frå Hovdebygda tilbake for å spreie kjærleik på Malakoff18. Sirkel Sag og Side Brok kjem til å lage ellevill feststemning, og alle er inviterte!

For deg som: Er klar for ein real bygdefest med landets (bokstavleg talt) største hip-hop-gruppe.

Du kan forvente deg: God musikk, god stil, godt humør og mykje fjas – alt på blodig alvor.

Hits: 1, 2, 3, fyre, Ørsta rådhus og H.O.V.D.E.B.Y.G.D.A.

Satyricon

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Gjer deg klar til å oppleve ein verkeleg bauta innan norsk black metal. Det vert mørkt, stortstilt og mektig når legendariske Satyricon tek over natta på Malakoff18!

For deg som: Likar det hardt, raskt og kolsvart!

Du kan forvente deg: Eit altoppslukande, mektig og stemningsfullt sceneshow frå eit eineståande og storstilt liveband.

Hits: K.I.N.G, Black Crow On a Tombstone og Fuel For Hatred

Gabrielle

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Den hinsides kule dama vi berre måtte ha tilbake til Malakoff18! Gabrielle hadde ein legandarisk tøff konsert i 2016, og kjem snarleg med flunka ny musikk. Bergenseren berre strålar av energi og speleglede, og er eit must å oppleve på årets festival!

For deg som: Lev for den #godekonsertstemninga. Og herremin kor Gabrielle leverer då!

Du kan forvente deg: Bassete beats og innleving med attitude frå ei anna verd.

Hits: 5 fine frøkner, Ring meg og Ti kniver

Aurora

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Den norske superstjerna har trollbunde sitt publikum og lagt verda for sine føter med sitt magiske musikkunivers. Det er med svært høge forventningar og ekstrem kribling i kroppen at vi endeleg kan ynskje fantastiske Aurora velkomen til Malakoff18! Dette vert rett og slett rein magi!

For deg som: Likar sterk, sår, eventyrleg og fortryllande mørk pop.

Du kan forvente deg: Ei heilt unik musikalsk oppleving frå bergensjenta som tok verda med storm og headlinar dei aller største festivalane. Og ho tek med seg ny musikk!

Hits: Runaway, Conqueror og Running with the Wolves

Ghost

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Eit av nyare tids største suksessband innan metal/rock inntek Malakoff. Dei Grammyprisbelønna ansiktlause kardinalkledde svenskane med heavy metal-verdsherredømme held midnattsmesse fredag 20.juli! Velkomen til ei ikonisk og makalaus oppleving!

For deg som: Frydar deg over hard og innovativ heavy metal i ei unik visuell ramme.

Du kan forvente deg: Ei fullkomen konsertoppleving med eit ekstraordinært show og ei perlerekke av både gamle hits og heilt ny musikk.

Hits: Square Hammer, Circle og He is