Alt ligger til rette for en strålende avslutningsdag av årets festival og følgende artister skal i aksjon på Malakoff Rockfestival lørdag:

Sløtface, Sofia, Oselie, Eva Weel Skram, Baby in Vain, I am K, Kristian Kristensen, Ondt Blod, Thåstrøm, Lemaitre, Gluecifer, Wolfmother og Kjartan Laurtizen.

Sløtface

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Ungdommeleg norsk poppunk på sitt aller beste! Eit supertight og energisk band med ein vokalist som har fått stor merksemd frå heile musikkverda. Velkomen til Malakoff!For deg som: Likar ung, frisk og energisk poppunk som er uredd for å uttrykke haldningar og meiningar.

Du kan forvente deg: At det dreg i både smileband og rockefot av rein glede og beundring.

Hits: Magazine, Nancy Drew og Pitted

Sofia

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Sjå opp for Sofia! Syttenåringen frå Sandane har bemerka seg med sin klare og særeigne vokal, og er trass ung alder på full fart opp og ut i verda. Det er vanskeleg å ikkje la seg imponere av Sofia Hyttedalen, og vi gler oss stort til å få oppleve henne på Malakoff! She’s going places!

For deg som: Set pris på ekstremt talentfull ungdom. Sjansen er stor for at du dagleg har høyrt den herlege stemma på Coucheron-låta Loud på P3.

Du kan forvente deg: Frysningar og total beundring! Sofia leverer kraftfull vokal og eigenprodusert musikk av ypperste internasjonale klasse.

Hits: Loud, My Friend og Meadow in the Sun

Oselie

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Det vert superfint for både store og små når Oselie, vinnaren av MGPjr 2017, inntar Malakoffscena denne sommaren. Det er andre året på rad at vinnaren er frå Nordfjordeid, og vi lovar stolt stemning når den lokale jenta Oselie står på scena.

For deg som: Kunne tenkt deg litt vaskeekte MGP-stemning i sola. Kan det bli betre?

Du kan forvente deg: Topp stemning og allsang frå ei heil bygd som jublar/gaular i kor.

Hits: Verda vår

Eva Weel Skram

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Fantastiske og folkekjære Eva Weel Skram tek med seg feiande flott ny musikk og ein sekk full av suksess til Malakoff18. Eva og mannen Thomas inntek Malakoffscena på laurdag for dagens store familiekonsert.

For deg som: Synst verda treng nydeleg og engasjerande nynorsk musikk.

Du kan forvente deg: Ekte, nær og uhyre fin popmusikk frå ein av landets absolutt beste.

Hits: Berre la meg vær, Hold meg, Selmas sang, samt mange Eva & The Heartmaker-hits

Baby in Vain

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Ein køddar berre ikkje med Baby In Vain. Vi snakkar buldrande rock og grumsete grunge frå ein steintøff dansk dametrio. Det heile er rått og brutalt, og sommaren kan ikkje kome fort nok!

For deg som: Likar Queens Of The Stone Age. Baby In Vain tek det eitt hakk vidare og blandar inn industriell post-punk, doom- og garagepunk. Heilt konge!

Du kan forvente deg: Eit aggressivt og rått liveshow beståande av herleg ruskete bass, skingrande melodiøs gitar og todelt vokal.

Hits: Transcendent, To Heaven and Back og Sweetheart Dreams

I am K

Malakoff Rockfestival sin omtale:

I am K representerer ei moderne og smart tilnærming til musikkfaget, og lyskanonene er verkeleg retta mot I am K dette året! Dette er no, og dette er framtida.

For deg som: Set pris på elegant samansying av melodisk pop, sylskarp elektronika og treffsikker rock.

Du kan forvente deg: Ryddig kompleksitet, kvalitet i alle ledd og null sjangebegrensingar.

Hits: Strobelights, Lights Are Low ogStars

Kristian Kristensen

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Med ei stemme som røskar tak i sjela di og vrengar fram gåsehuda kan vi ikkje anna enn å gle oss til Kristian Kristensen står på scena på Malakoff18. Gjer deg klar til å måpe av beundring og fryse i solsteiken!

For deg som: Set pris på vakker, melodiøs og filmatisk musikk med skikkeleg trøkk.

Du kan forvente deg: Mektige og sjelsetjande nordlandske tonar frå ein av landets nye store musikalske talent.

Hits: Kan du lære mæ?, Lyset ogVarm

Ondt Blod

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Bandet med sin ekstremt lettlikelege punkrock har fått heile fem låtar lista på P3 og bygd seg ei stor fanskare både i inn- og utland. Nord-Norge si store rockestoltheit, Ondt Blod, kjem til Malakoff18!

For deg som: Diggar Kvelertak og den berusande allsangstemninga.

Du kan forvente deg: Nordnorsk punkrock med samiske røter, der hardcore og metal møterfrekk fridomsrock.

Hits: Svarte daga, Storma, Store Ord (Røyk Og Speil)

Thåstrøm

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Ein av dei mest markante og viktigaste stemmene i skandinavisk rock kjem til Malakoff.Velkomen til ei konsertoppleving for historiebøkene!For deg som: Diggar sterk og rocka blues-poesi frå frontfiguren i Ebba Grön og Imperiet.

Du kan forvente deg: Ein majestetisk livekonsertfrå ein legendarisk artist som eksistereri grenselandet mellom fantasi og verkelegheit.

Hits: Beväpna dig med vingar, Fanfanfan ogCentralmassivet

Lemaitre

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Det har vore ei eventyrleg reise sidan starten i 2010 for Lemaitre. Det Los Angeles-baserte Oslobandet har oppnådd massiv internasjonal interesse og spelar i dag ufatteleg enorme konsertar verda over, og er verdskjende for sine energiske liveshow og sin skyhøge kvalitet. Vi gler oss stort til å få oppleve dei i storskala på Malakoff18!

For deg som: Blir vill i kroppen av heftig og brutalt fengande elektronisk pop.

Du kan forvente deg: Leikande melodiar, bombastisk bass og catchy hits som i lag med eit vanvittig sceneshow får publikumsmassa til å koke!

Hits: Closer, Cut To Black og We Got U

Gluecifer

Malakoff Rockfestival sin omtale:

12 år etter at det tøffaste livebandet i landet la inn årene er dei endeleg klare for ein særs eksklusiv festivalsommar. Det vert eit etterlengta gjensyn med legendene i Gluecifer på Malakoff!

For deg som: Sårt har sakna den herjande hardrockbølgen frå 90- og 2000-talet.

Du kan forvente deg: Ei intens og storarta oppleving frå legendene som definerte Scandirock-scena!

Hits: Easy Living, Automatic Thrill ogI Got A WarGluecifer om Malakoff:

–  Malakoff har de siste årene blitt en av de største og beste festivalene i Norge. Den er bygget på dugnadsånd, idealisme og en dedikasjon til alt som er bra med musikk. Det er sånt vi i Gluecifer liker.

Wolfmother

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Det australske rockebandet har vi sikla etter i mange år, og no tek Andrew Stockdale & Co endeleg med seg eit eksepsjonelt knippe gromme rockelåtar og gjer ein eksklusiv noregskonsert på Malakoff18!

For deg som: Høyrer på The White Stripes, Led Zeppelin, Black Sabbath, Queens of the Stoneage og Rival Sons

Du kan forvente deg: Steintøff og grom rock!

Hits: Joker And The Thief, Woman ogVictorious

Kjartan Lauritzen

Malakoff Rockfestival sin omtale:

Norsk bygdeurban rap/hiphop si største ledestjerne Kjartan Lauritzen kjem attende til Malakoff for å spele sin største konsert i fylket!For deg som: Er glad i sprø lyrikk og saftig bass. Og å hoppe, klikke og riste på stompen.

Du kan forvente deg: Bananas og humørfylt konsertstemning frå ein villbass frå Sogn.

Hits: Fredag, Nyte D og Havanna