Namn: Arve Espe

Alder: ung

Bustad: i vakre Hjelmelandsdalen

Sivilstand: singel

Yrke: gallerist og turistvert

– Kva planar har du for sommaren?

– Jobb. Er gallerist og turistvert i Kulturhuset Gamlebanken.

– Kva har du alltid med deg i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?

– Gode bøker og fine klede. Det beste pakketipset er system i kofferten.

– Når slår feriekjensla inn for fullt?

– Når hausten og mørket kjem, og vi er ferdig og feire Opera Nordfjord sitt 20-årsjubileum med årets produksjon La Boheme i oktober, og operautstilling med Ørnulf Opdahl i Gamlebanken, då fortener eg sol og varme.

– Kor hadde du reist med uavgrensa budsjett?

– Verda rundt!

– Kva kjendis ville du tatt med til ei aude øy?

– Reiser ikkje til ei aude øy, omgås kjendisane her på Eid.

– Kor ville du tatt med dine sommargjestar?

– På kunstutstilling i Kulturhuset Gamlebanken.

– Kor likar du best å bade?

– Ingen badeløve, tryggast og varmast på land.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Har stor hage med mykje tre og blomar. Eg har 100 Skaugumbegonia som skal stellast og snakkast med, og mykje anna.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Naustdalskamben med den fine dagsturhytta.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Malakoff Rockfestival som eg har vore med og arrangert.

– Kva serverer du helst ein sommardag?

– Prosecco og jordbær.

– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Uaktuelt, må vere oppdatert.

– Kva eldsjel fortener ei korg med jordbær?

– Gunn Guddal. Nøkkelperson i Malakoff Rockfestival.