Fargespel Nordfjord - med nylaga, nynorsk logo for første gong - er no etablert, og spente og motiverte medarbeidarar skal dei neste åtte månadene arbeide fram ei framsyning heilt utanom det vanlege, skriv operahuset i ei pressemelding.

Fargespill starta i Bergen i 2004 etter initiativ frå Ole Hamre og Sissel Saue, og 20.mai samme år opna meir enn 60 barn og unge frå 20 ulike nasjoner Festspillene i Bergen. Dei fleste av aktørane var komne til Noreg som innvandrarar og flyktningar, og forestillinga baserte seg på song og dans dei hadde tatt med seg frå sine heimland.

Forestillinga fekk ei formidabel mottaking, og initiativtakarane såg at dette var eit prosjekt som hadde berekraft. Sidan 2004 har Fargespill utvikla seg til ei rekkje multietniske musikalske møte, der i dag omkring 80 barn og unge frå rundt 30 ulike nasjonar deltek. Kompaniet har fleire forestillingar i løpet av året. Barn og unge frå alle verdshjørne skaper musikalske møte som set spor, både hos dei som deltek og hos publikum.

I løpet av få veker skal alle dei lokale Fargespel-gruppene vere i gong med lokale øvingar, og ein ønskjer no å nå ut til alle interesserte born, ungdommar og unge vaksne frå 2. klasse  til ca. 25-26 år, som er glade i å synge eller danse, skriv operahuset.

Norske born og ungdommar skal også vere med etterkvart, etter nærmare innbyding, men no i første omgang er det viktig å komme i kontakt med innvandrar-vener frå heile verda. Det er viktig at dei som kjenner aktuelle born eller ungdommar, oppmoder dei om å melde seg. Det vert sendt ut innbyding til alle barne- og ungdomsskulane og dei vidaregåande skule ved skulestart.

I nesten kvar kommune er det no etablert lokale ressursgrupper med følgjande kontaktpersonar innan kultur, skule og vaksenopplæring: Hornindal: Oline Løvlid og Idar Holen, Stryn: Linda Gytri, Hilde Nesje og Marit Sandnes Skrede, Gloppen: Ann Karin Ose og Kjersti Rønningen, Bremanger: Grete Berntzen, Vågsøy: Inga Andal,  Eid: Unn-Elin Carlsen og Kari Standal Pavelich.

- Om kort tid vonar ein å ha ein kontaktperson på plass også i Selje, skriv operahuset.

Michael Pavelich vert kunstnarisk og musikalsk leiar, og når sceneteppet går på premieren 5. april er også eit utvida operaorkester på plass på scena i Operahuset Nordfjord.

Øvingane startar seinast i veke 36, og laurdag 20. oktober vert det storsamling og øving heile dagen med alle medverkande i Operahuset Nordfjord. Då vert huset fyllt med song, musikk og dans frå alle verdshjørne.