Iver Heen Ask (21) får skryt for kinofilmen Prosjekt Nordfjord. No kjem den snart til ein kino nær deg.

Iver Heen Ask (21) har vore rundt i alle kommunane i Nordfjord og teke meir enn 200.000 bilete.

Han har filma frå bil, båt og fly, og teke tallause fotturar høgt og lågt. No er han klar med ein kinofilm som skal visast på kinoane i Nordfjord.

– Eg kjem også til å reise rundt å halde mine eigne framsyningar med projektor og lerret. Og så sel eg ein del produkt rundt filmen som ein etter kvart kan få kjøpt i bokhandlarbutikkar og andre forretningar, fortel han.

Før Iver sette i gang prosjektet var han innom 200 forskjellige verksemder i Nordfjord for å få økonomisk støtte til prosjektet. Det klarte han, og sjølve filmbudsjettet er på 160.000 kroner.

I 2013 laga han filmen Prosjekt Gloppen som han vann publikumsprisen under Qfilmfestivalen for i 2013.

I tillegg til har han produsert ein dvd, postkort med flotte motiv frå heile Nordfjord, fotolerret og kalender med bileta som folk kan kjøpe frå nettsida hans.

– På premieren på Sandane søndag fekk eg seld ein god del. Folk gav meg tilbakemelding på at dei syntest filmen var flott, og at det var kjekt å kunne kjøpe eit produkt etterpå.

Les hele saken i fredagens papirutgave av Fjordenes Tidende.