Med 876.000 sjåarar er dette den mest sette Farmen premieren nokonsinne, melder TV2.

Barmen, som er deltakar i kjendisutgåva av Farmen, skal saman med 11 andre norske kjendisar bu på garden Storøy gard i Bamble i Telemark. Her skal dei drive garden, gjennomføre ulike oppdrag og kjempe om å gå sigrande ut av konkurransen.

Det skal i løpet av vinteren visast 30 program frå livet på garden.

– Nokre har gardserfaring frå før, men for enkelte er dette ei heilt ny og ukjend oppleving, skriv TV2 om det første programmet som gjekk på TV måndag kveld.

– Målet mitt er å vere her lengst mogleg. Eg driv eit småbruk til vanleg, og meiner at eg er ein stor ressurs her, sa Barmen til TV2 i forkant av innspelinga.

Han trur også han kan dra nytte av bakgrunnen som kokk.

– Det er ingen matfest her, akkurat. Men eg finn stadig fleire råvarer, så forhåpentlegvis får eg kokkelert litt etterkvart.