Det er for tida stor aktivitet i det komande Kulturhuset Realen i Svelgen.

– Realen har uendelege mogelegheiter vi berre må ta i bruk, seier styreleiar Svein Arne Sandvik, som no inviterer til dugnad. Han ser for seg at det ikkje skal ta altfor lang tid før den gamle skulen snart kan takast i bruk som nytt kulturhus.

Det store raude bygget på Naustneset i Svelgen har ei 93 år gamal historie. For nokre år sidan heldt den på å få ein brå slutt. Mange meinte huset burde rivast, men det ville ikkje folk i Svelgen.

Før sommarferien i fjor gav kommunestyret difor frå seg ansvaret for huset til interimsstyret i Aktivitetshuset Gamleskulen. Eldsjelene i dette styret har no etablert Kulturhuset Realen. Skipingsmøte var i mars i år og sidan har bygget blitt sett i stand litt etter litt.

Snart klart for opning

– Det skal ikkje så mykje til å få aktivitet i Realen no. Taket og den dårlege sideveggen er reparert, og huset er godkjent både når det gjeld det elektriske og i høve til brannføreskriftene, seier Sandvik.

Han håpar på bidrag både frå folk i Svelgen og offentlege midlar.

– Vi skal om ikkje så lenge få til ei innsamling, kanskje kronerulling. Vi håpar også å få midlar for rehabilitering av kulturhistoriske bygg hjå Fylkeskommunen og reknar med å bli prioritert i den kommunale delplanen, seier Sandvik.

Inviterer til dugnad

Styreleiaren håpar alle i Svelgen vil få glede av kulturhuset i mange år framover. Det vart bygd i 1922 som privat middelskule. Seinare var det realskule fram til den nye skulen i Svelgen stod ferdig i 1973.

I 1981 vart det ungdomsklubb, og det var då det fekk det passande namnet «Realen» som både refererer til huset si historie og det å vere greie og reale med kvarandre. No håpar styret at huset igjen skal fyllast med dans, musikk, kunst og handverk, husflid, feiringar, sosialt samvær, utveksling og inkludering av ulike kulturar. Der er også fullt utstyrt keramikkverkstad.

– Det primære er at ungdommen skal få ein fast plass og samlast, slik tradisjonen har vore på Realen. Det er viktig at dei får eit godt tilbod og vi håpar på sikt at det vil bli eit kommunalt tilbod, seier Sandvik.