Ei veke før kyrkjekonserten går av stabelen må Elvisfestivalen sette opp ein ekstrakonsert i Sør-Vågsøy kirke.

– Pågangen er stor, og vi har allereie nesten selt ut alle billettane til kyrkjekonserten. Difor har vi valt å sette opp ein konsert til, forklarar Helge Hjelle i Elvisfestivalen.

– Vi sette berre opp ein konsert i utgangspunktet, men vi visste at vi måtte følge med. Den ordinære konserten torsdagen er ikkje heilt utselt, men vi veit at frå no og fram til festivalen blir det fullt køyr, konstaterer Hjelle.

Ei spesiell atmosfære

Årets kyrkjekonsert har fått namnet «An American Trilogy». Det er ti solistar, fleire kor og eit stort orkester, som skal i aksjon torsdag.

Han understrekar at det er avklart med artistane at det kunne bli ein ekstrakonsert.

Forventar å fylle teltet

Under årets arrangement blir det show i festivalteltet Graceland både fredag og laurdag. Fredag er det blant anna hovudshowet «Viva Las Vegas», som skal visast fram, og fredagen er hovudshowet «Such A Night». Leiinga trur dei vil fylle teltet med desse showa.

I år har festivalen lansert eit nytt tilbod. «Elvis–Midnight Show» er eit rolegare tilbod i Turnhallen laurdag kveld.

– Vi fekk signal om at nokre publikummarar ville ha eit rolegare tilbod enn det vi kan tilby i teltet. Det er ikkje sikkert folk har lagt merke til denne konserten enno, for her har vi enno rimeleg god plass, fortel Hjelle.