Tipsa er henta frå vårt sommarmagasin med namn Havsalt sommar. I denne artikkelen har vi samla tipsa som omhandlar opplevingar eller aktivitetar ved eller i vatn, anten det er på stranda, i bassenget eller i badstua. Tipsa kjem frå kommunane Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

Opplevingar i det våte element

Foto: Anne Grethe Strand

Måløy si beliggenheit gjer at det er stor tilgang på opplevingar i og på sjøen og havet. Sjøbris Adventure tilbyr opplevingar gjennom leik og utfordringar på sjøen og i fjæra. Dei tilbyr mellom anna coasteering og padling. Er du på jakt etter adrenalinkick med høg fart og spenning eller kanskje ein spektakulær tur med slalåm mellom holmar og skjær i flotte omgjevnader? Storm at Stad er eit action- og eventselskap i Måløy som gir spennande og morosame opplevingar i RIB-båt. Er du ute etter eit rolegare framkomstmiddel, kan du ta rutebåten Øyglimt til vakre Silda. Her finn du mellom anna Skjærbuda, som delar av sommaren vil tilby servering. Første helga i juni går også verdshistoria sine første Sildadagar av stabelen på den idylliske øya.

Nyt sola på ei av Noregs beste

Foto: Seline Larsen

Refviksanden har fleire gongar har blitt kåra til ei av Norges finaste strender. Den 1,5 kilometer lange kritkvite sanden ligg på Nord-Vågsøy med utsikt rett mot storhavet. Her kan ein nyte sommarvêret, ta seg ein dukkert eller prøve seg med surfebrettet. I tillegg til aktivitetar i krystallklart vatn, er det rikeleg rom for både leik, grilling og sosiale aktivitetar på den breie sanden. Refvik bygdeutvikling sørgjer for campingfasilitetar til tilreisande telt- og bubilturistar på marka rett ovanfor sanden, samt parkering, sanitæranlegg og kiosk.

For landkrabbar og badenymfer

Ved sidan av kjøpesenteret Måløy stormarked i Deknepollen ligg eit nydeleg friområde. I Skavøypoll Friluftspark, ved Deknepollvatnet, finn ein mellom anna ei fantastisk badestrand og eit kanohus. På vatnet ligg det ei flytebrygge med stupetårn som innbyr til leik og moro for store og små. Rundt vatnet går det ei grusa turløype, og på Dalsneset, som ein passerer på turen, er det lagt til rette for friluftsaktivitetar. Området er mykje brukt av barnehagar og skuleelevar.

Her kan du bade i all slags vêr

Regnar det og er litt kjølig, slik som det faktisk kan gjere på Vestlandet, også på sommaren? Då kan du framleis nyte eit bad, med enda betre temperaturar enn det er i sjø og hav. Ti minutts vandring frå Florø sentrum finn du badeanlegget Havhesten – plassert ved sjøen med utsikt mot både fjord og fjell Havhesten, som nyleg vart renovert består av symjehall, treningsrom og spinningsal. Her finn du også eit oppvarma svømmebasseng med 28 deilige grader og terapibasseng med 33,5 grader. Havhesten tilbyr eit utval av badeartiklar og det er høve til å leige badeutstyr.

Opplev dei beste surfebølgene

Foto: Siri Kolseth

Ytst i Stad kommune ligg dei to populære surfestrendene Hoddevik og Ervik som er kjende verda over. I Hoddevik er det perfekt å surfe, både på sommaren og på vinteren. Her er ein så heldig å få oppleve storslått natur, og skjerminga frå fjella rundt gjer det til ei heilt spesiell oppleving. Det er mogleg å leige utstyr, ta surfekurs og overnatte i Hoddevik, men sidan dette er ein populær plass å oppleve, bør ein vere tidleg ute.

Kritkvit sandstrand i sentrum

Foto: Bjørn Erik Drabløs

I ly for storhavet ligg Seljesanden. Berre eit steinkast frå sentrum ligg den 500 meter lange sanden, som raskt fyller seg opp på fine sommardagar. Sanden er ein populær stad for både lokalbefolkning og tilreisande turistar. Sanden ligg mellom sentrum og Selje kyrkje, og har utsikt mot heilag- og klosterøya Selja. Rett ved sanden finn ein servicebygg med toalett og dusj.

Kjøl deg ned midt i sentrum

Til og med eit godt stykke inne i fjorden kan du oppleve kritkvit sand mellom tærne. I Sagaparken i sentrum av Nordfjordeid er det lagd ei badestrand. Her er det enkel tilgang til ein dupp for alle. Stranda er tilrettelagt med ein rampe som tar deg ut i sjøen. Sagaparken byr også på leikeapparat, sandvolleyballbane og ein gapahuk med grillplass. Parken byr på aktivitetar for alle uansett alder og funksjonsnivå. I parken finn ein også eit fotopunkt med Nordfjord-logoen. Nordfjorden sjølv dannar eit fantastisk bakteppe for årets feriebilde. I nærleiken av Sagaparken finn ein Eid kyrkje, vikingsenteret Sagastad, kjøpesenter og fleire serveringsstadar der ein kan få kjøpt både middag og ein kjølande iskrem. Frå Sagaparken er det også kort veg til Eidsgata. Den koselege gata byr på kafear med uteservering, god og lokal mat, handel og hygge.

Slapp av på idylliske strender

Foto: Seline Larsen

Bremanger kommune er kjent for sine fantastiske strender og den storslåtte naturen rundt. Både Grotlesanden ve d bygda Grotle i ytre Bremanger og Vetvika ytst i havgapet er svært populære stadar å besøke for turistar. Silkemjuk, kvit sand pregar begge strendene. Grotlesanden kjem du deg enkelt til med bil, medan Vetvika krev ein gåtur over fjellet eller båt sjøvegen. Om ein kjem med båt til strendene, må ein ankre opp lenger ute og ro eller svømme inn.

Få eit nytt blikk på naturen

Naturopplevingar står i fokus hos Davik- selskapet Norway Adventures. Dei gler seg til å starte for fullt igjen med turistar. Denne sommaren tilbyr dei daglege kajakkturar i Kalvåg og kajakkurs. Utover dette kan selskapet skreddarsy opplevingar for enkeltpersonar eller grupper. Norway Adventures tilbyr også ulike kurs og teambygging.

Opplev kystkultur i varm sauna

Foto: Knutholmen

Ved Knutholmen kan du sitte i ein varm sauna og nyte utsikta til fantastiske Kalvåg. Tettstaden ligg på øya Frøya. Her kan du oppleve klart vatn og fargerike trehus som står på bryggene i det gamle fiskeværet. Familiebedrifta Knutholmen vart etablert i 1986 og har sidan den gong lagt til rette for fine opplevingar og overnattingar. Dei fleste av rorbuene, leilegheitene og bryggehusa er ein del av dette opplevingsselskapet. Knutholmen er kjent for god kvalitet på sjømaten som er fanga rett utanfor døra.

Nyt soldagar på sandstranda

Sandviksanden, med si vakre utsikt til Stadhavet, er ein populær badeplass for både tilreisande og lokale om sommaren. Sandviksanden ligg på Hakallestranda og er ein populær plass å vere på solfylte dagar. Det finst toalettfasilitetar ved stranda og småbåthamna ligg rett ved. Hakallestranda utvikling driv Hakalle Strandhuset som ligg like ved, og som har ulike arrangement gjennom året.