Tipsa er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin, Havsalt sommar, og er frå kommunane Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

Står klare med mat og drikke

Foto: Seline Larsen

Det er ikkje farleg å bli svolten medan ein er på tur i Måløy-området. I løpet av sommaren opnar Andreas Foss Iversen og Jon Erik Kvåle Øien dørene til den nye restaurant- og vinbarsatsinga Kadaver. Opnar dørene gjer også Havna vershus denne sommaren. Dette blir ein familiekafe som vil tilby tradisjonell mat. Havfruen på Torget er kjende for fiskerettane sine, og har utvida lokala med betre plass til gjestar. Dei koselege kafeane Bjørgs Mat i Måløy og Bakeriet i Deknpollen har også ope. Thailandske rettar kan du nyte hos Torget Mat eller frå matvogna til Nybakks Thaimat på fastlandet. Splitt Bowling, pizzarestauranten San Marino og Kenneths fish’n chips har også eit godt tilbod til svoltne gjestar.

Sløkk tørsten på lokalt bryggeri

Sommaren 2017 opna Espen Lothe og Kinn bryggeri dørene til sin eigen ølkafé, Vesle Kinn, i det same lokalet som gamlebryggeriet til selskapet. Kafeen ligg i Strandgata i sentrum av Florø, og dette er no både ølkaféen og testbryggeriet til selskapet, som har heile produksjonen sin i kystbyen. På Vesle Kinn kan ein få seg noko godt å drikke og litt å bite i. Ein kan også få kike i gjæringskara og kjenne på atmosfæren til eit skikkeleg handverksbryggeri. I tillegg tilbyr innehavarane ulike arrangement som konsertar, quiz, bokbad, språkkveldar og film med meir.

Byr på lokal mat og åndeleg føde

Midt i Selje ligg prestegarden Hove, som opphavleg omfatta mesteparten av sentrum. I dag er prestegarden regionalt pilegrimssenter og kulturstove. Dette er eitt av dei fire kystpilegrimssentera langs kystpilegrimsleia. Her er fast vertsskap i sommarmånadane og elles i kafeen si opningstid. Kafeen heiter Prestelåna kafé, og her kan ein nyte lokal mat og drikke. Menyen skiftar ofte og etter sesong, men du finn alltid salatar, smørbrød og søtsaker.

Kafeen er open frå juni til august. I prestegarden kan du oppleve konsertar, kunstutstillingar, litteratur- eller temakveldar. Her er det også turistinformasjon. Selje prestegard vart etablert på Hove ved Seljesanden på slutten av 1500-talet. Før den tid låg prestegarden og kyrkja på Bø, på austsida av øya Selja. Hovudbygningen som ligg på prestegarden i dag sto ferdig i 1784. Dei fem andre bygningane her er oppførte i perioden 1784-1884. I 1991 vart dei seks bygningane i tunet freda.

Nyt lukta og smaken av bakverk

Foto: Siri Kolseth

Om du kjenner svolten presse seg på, har du mange moglegheiter til å gjere noko med det på Nordfjordeid. I Eidsgata finn du eit sjarmerande bakeri som har eit godt utval ferske bakevarer. Hos Minibakeriet finn du også mat frå lokale produsentar. Skulle det freiste med noko anna finn du fleire kafeear i sentrum, mellom anna Didriks, Cats, Sjøkanten og kaffibaren hos Coco frisør. Er du lysten på thaimat kan du besøke Natas thairestaurant like ved cruisekaia, eller legge turen innom ei av vognene som også tilbyr mat frå det thailandske kjøkkenet. Er du meir lysten på pizza, kan du besøke Pizza House Nordfjordeid. I sentrum finn du også restaurantane Magnifikk og Aske.

Kvil deg med mat og flott utsikt

Heilt øvst i Åheimssvingane finn ein den koselege og rolege restauranten og kafeen med namnet Kvilehytta.Restauranten ligg 120 meter over havet og har praktfull utsikt over fjord, fjell og tettstaden Åheim. I kafeen kan ein kjøpe eit rikt utval av tradisjonsmat som til dømes sosekjøt og kjøtkaker. Nokre dagar kan ein også få kjøpt klubbtallerken. Herifrå har du ein handfull dagsturar til fleire kjende turistattraksjonar i nærleiken og ikkje langt unna ligg også ei hyttegrend. Hyttene ligg perfekt til med moglegheiter for bading, fiske og skiturar rett ved. Rundt 200 meter frå hyttene ligg eit populært fiskevatn med moglegheiter for både fisking og bading. Fiskekort kan ein kjøpe i kafeen.

Her er det både kafé og galleri

Lundgarden ved Tunheim ved Fiskå er driven av Torill Bernatek. På garden har ho atelier og ei gammal tømmerstove der det av og til er utstillingar. Det er også lett servering i kafeen når garden er open. Lundgarden har ikkje faste opningstider, men ein kan følge med på Facebook-sidene til Lundgarden for å finne ut meir om utstillarar og opningstider.