– Han er ein veldig god nabo som stiller opp. Han hjelper til med snømåking og å henge opp julelys, fortel Liv.

– Han er veldig snill og omtenksam, og vi set veldig stor pris på han, legg ho til.

Liv trekker fram at det ikkje berre er dei Svein Åge hjelper når det trengst.

– Han har sikkert meir enn nok å gjere sjølv, men han hjelper mellom anna til med å slå plenen for nokre naboar og så var han med og hjelpte til då dei pussa opp bedehuset.

– Korleis hadde det vore i byggefeltet utan Svein Åge?

– Nei, sei det du. Han er heilt utruleg og hjelper til der han kan. Vi tenkte på å nominere han i fjor også, men så kom jula så brått på. Så det hadde vore veldig kjekt om han kunne få ei merksemd i år, avsluttar Liv.

– Såpass, du, seier Svein Åge Åndal då Fjordenes Tidende ringer for å fortelje at han får ei julestjerne veslejulaftan på grunn av det fine han har gjort og gjer for naboane sine.

– Det er no ikkje så mykje eg gjer. Eg måkar litt snø, fortset Svein Åge.

– Det er sjølvsagt veldig kjekt med ei julestjerne og eg vart veldig overraska. Nei, det er nesten for mykje dette, fortset Svein Åge.

Han er pensjonist og fortel at han likar å halde seg i aktivitet.

– Vi har eit veldig kjekt nabolag, og Liv og Arne er dei næraste naboane våre. Dei er veldig kjekke folk, smiler han.