Det kan også vere andre ungdommar eller vaksne som gir deg mulighet til å støtte aksjonen som ringer på.

– Og alle bidrag hjelper. Ei krone, hundre kroner, dele aksjonen på Facebook, sende sms, seier Eline Sandnes kyrkjelydspedagog i Stad kommune.

– Konfirmantane i Ytre Bremanger er klare for innsamling slik mange konfirmantar i Bremanger, Nordfjord og heile landet også er, seier prest Dag Leirvik.

2022-aksjonen sitt tema er «Håp i ein dråpe vatn».

– Vatn kan endre eit liv, ein landsby og eit land. Når det blir for lite og når det blir for mykje. Tørke og flaum kan øydelege vasskjelder. Over heile verda arbeider Kirkens Nødhjelp for stabilt reint vatn i lokalsamfunn, skriv organisasjonen i ei pressemelding.

Ein del av dei innsamla pengane i år går til nødhjelp i krisesituasjonen i Ukraina.