Hedda-Elise var nervøs før konserten skulle starte, men mest av alt gleda ho seg til å vise fram det korpset har øvd på. Spesielt ein song synest ho er kjekk å spele.
– Den siste songen der også dansarane var med. Den heiter A Litte Party Never Killed Nobody, smiler ho.
Det har vore vanskeleg å lære seg delar av programmet, men ho følte seg klar før konserten.
– På tverrfløyte er det veldig lyse tonar, det er vanskeleg å spele, og det går veldig fort.
– Nå er det bestemt. Det blir dansegalla!
– Tuba er tøft
Henrik har spelt tuba i fire år.
– Eg gledar meg mest til songen der vi s-tubaane spelar åleine. Det er songen Something’s Got a Hold on Me, seier Henrik.
Henrik begynte først på kornett som aspirant, men gjekk raskt over til barryton og til slutt til tuba.
– Å spele tuba var det store målet mitt. Eg synest tuba er tøft og så spelte faren min tuba då han var yngre og eg har gått litt i hans fotspor, fortel han og smiler.
Blitt tatt godt imot
Hedda-Elise og Henrik har begge begynt å øve med Måløy musikklag det siste året og synest det er veldig kjekt.
– Vi spelar musikk med meir futt i, og i tillegg er to andre som spelar tverrfløyte som kan lære meg mykje som eg ikkje kan frå før, seier Hedda-Elise.
– Vi spelar både vanskelegare og nyare musikk i Måløy musikklag, og det er kjekt, motiverande og utfordrande, seier Henrik som fortel at det er fire stykker som spelar tuba i musikklaget.
Begge to har blitt tatt imot med opne armar.
– Dei har vore veldig inkluderande. Det er berre å spørje dei og dei hjelper meg viss det er ting eg ikkje forstår, seier ho.
Både Henrik og Hedda-Elise imponerte under konserten og hadde ingen synlege utfordringar med å henge med på notane.