Namn: Ylinn Tennebø
Alder: 18
Bustad: Holvik/ Sogndal
Sivilstand: singel
Yrke: student
– Kva planar har du for sommaren?
– Ei veke i Polen og så Oslo og Norway cup. Elles går det i trening, fotballkampar og avslapping.
– Kva har du alltid med deg i kofferten, og kva er ditt beste pakketips?
– Har alltid med meg treningskle. Mitt beste pakketips er å ikkje pakke meir enn du må.
– Når slår feriekjensla inn for fullt?
– Etter siste seriekamp før sommaren.
– Kva er ditt aller beste ferieminne?
– EM, åpent nordisk og Dana cup.
– Kor hadde du reist med ubegrensa budsjett?
– Med ubegrensa budsjett hadde eg reist til Maldivene.
– Kva kjendis ville du tatt med til ei aude øy?
– Eg ville heller tatt med nokon i familien eller ein god venn.
– Kor ville du tatt med deg dine sommergjestar?
– På Refviksanden for å sjå solnedgangen.
– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?
– Nei, eigentleg ikkje.
– Kor liker du best å bade?
– Refviksanden.
– Kva gjer du i hagen i sommar?
– Spelar fotball.
– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?
– Hornelen.
– Kva er ditt beste festivalminne?
– Malakoff 2018 med gode vener.
– Kva anbefalar du å lese på årets ferietur?
– Eg er student, så eg les derfor minst mogleg om sommaren.
– Kva serverer du helst ein sommardag?
– Grilla fisk og norske jordbær.
– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medium?
– Trur det hadde vore vanskeleg.
– Kva eldsjel fortjener ein kurv med jordbær?
– Mamma og bestemor.