Namn: Gerd Lillian Leknes Torvanger

Alder:  68 år

Adresse: Torvanger

Sivilstatus: gift, fire barn og ti barnebarn

Yrke: pensjonert lærar

Hobby: friluftsliv, strikke og bake

Aktuell med: er leiar for Bremanger Kammerkor, som saman med Kalvåg songlag har konsert i Davik laurdag 4. februar og Eikefjord søndag 5. februar.

– Prosjektet Musikk frå Vest frå 2015 er tatt fram att. Kva er det?– Ein kyrkjekonsert som inneheld eit variert repertoar, med ord og tonar inspirert frå Irland og England.

– Kvifor ville de gjere dette?– Vi syntest sjølve det var eit vellukka og kjekt prosjekt, og fekk gode tilbakemeldingar på konsertane. Begge kora var einige om å gjenta prosjektet før det gjekk for lang tid. Kammerkoret og Kalvåg songlag har fleire vellukka samarbeidsprosjekt bak seg, og vi utfyller kvarandre på ein god og harmonisk måte.

– Kan det bli fleire samarbeid mellom koret og songlaget?– Kammerkoret og songlaget i Kalvåg er heldige med dirigentane organist/kulturskulelærar Jarle Grotle og kulturskulerektor Grete Berntzen. Begge dyktige musikarar, dirigentar og kollegaer som utfordrar og inspirerer songarane. Når kora i tillegg trivest saman, kan vi rekne med det dukkar opp fleire samarbeidsprosjekt i framtida

– Kva kan publikum vente seg denne helga?– Ein variert og spennande konsert med både gamle salmar, folkemusikk og nyare populærmusikk. Vi har eigne solistar i koret, og i tillegg får publikum høyre solistane Norvall Klungresæter, Linn Therese Belseth Heldal, og Grete Berntzen. Distriktsmusikar Otto Ose spelar fiolin, trompet og bassgitar, Tor Olav Heldal på perkusjon og Jarle Grotle på piano, orgel og som dirigent.

– Korleis trur du konserten blir?– Vi trur tilhøyrarane får ei fin oppleving og håpar mange kjem og høyrer på oss!

– Og korleis står det til med Bremanger kammerkor?– Vi er 20–25 ganske stabile kormedlemmer som har øving kvar veke. Vi er litt internasjonale med songarar frå Nederland, Spania og Ukraina. Nye songarar er velkomne!

– Kva er det kjekkaste med å vere med i koret?– Oppleve songglede, meistringskjensle og å høyre til ei triveleg gruppe under leiing av vår dyktige dirigent.