Bjørn Kvamme i Venner av Selje samfunnshus er ein av dei som har nominert Flølo i Fjordenes Tidende sin «Nokon å glede»-kalender. Etter initiativ frå Flølo har dei nemleg hatt stor suksess etter å ha fått bygdekinoen tilbake i samfunnshuset.

– Han klarte å overtale oss i styret til å få den etterlengta kinoen tilbake til bygda. Og etter det har vi hatt godt oppmøte, noko som viser at det har vore eit sakn, seier Kvamme.

Men ikkje berre er Flølo mannen som fekk fart på kinoen igjen, han er også til stades på så å seie alle filmframsyningar, sjølv om han ikkje er ein del av styret.

– Han stiller opp for at kinoen skal gå rundt. Han heng opp plakatar, set fram stolar og ordnar ut. Vi i styret er berre med og hjelper til, ler Kvamme.

Ein ambassadør

Kjell Magnar Flølo kom til bygda frå Breim i 1982 då han fekk seg jobb på det som heitte Selje Plastiindustri, seinare Selantic.

Omtrent like lenge har han vore ein del av det frivillige arbeidet, først gjennom Selje idrettslag der han framleis er ein viktig brikke.

– Han er ein ambassadør for det frivillige arbeidet i Selje idrettslag, seier leiar Magne Fure.

– Han er ei drivkraft på det meste av det idrettslaget styrer med, han sørger for kamparrangementa for både herre- og damelaget, han er tungt involvert, og har tatt eigarskap, i det som handlar om den nye stien opp mot Klipet, og han er positiv til alt. Han stiller opp når folk spør og er ein fantastisk ressursperson for bygda, seier Fure.

I tillegg må det nemnast at Flølo også er med i styret for Venner av Selja kloster, i tillegg til at han er aktiv i politikken gjennom sitt verv i Stad kommunestyre.

– Eg likar at det skjer ting

Då Fjordenes Tidende fortel Kjell Magnar om at han er valt ut til å få ei julestjerne, er det ein audmjuk Flølo som møter oss.

– Eg er jo sjølvsagt veldig takknemleg, men eg føler ikkje at eg er noko meir verdig enn andre, seier han.

Flølo legg vekt på at det fleire som fortener ein takk. Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Men eg likar det frivillige. Det gjer eg. Eg vil at det skal skje noko i bygda, og om det er eit tilbod vi manglar og som vi ser at vi kan få til, så synst eg berre det er kjekt å kunne bidra, seier han.

63.-åringen pensjonerte seg i fjor. Men der andre kanskje ville brukt fritida på seg sjølv, har Flølo berre auka mengden arbeid han legg ned for bygda og fellesskapet.

– Eg trur eg aldri har hatt meir å gjere på enn etter at eg blei pensjonist. For å seie det på ein annan måte, eg hadde aldri kunne hatt jobb om eg skulle halde på alt eg gjer no, ler han.

Han er samtidig tydeleg på at engasjementet for bygda ikkje er noko han er aleine om, og trekk fram den nye stien til Klipet som eit eksempel.

– Det er viktig at du får med at dette ikkje berre handlar om meg, seier han, og legg til:

– Engasjementet i bygda for å stille opp er veldig bra, og på store prosjekt, slik som den nye stien, så stilte det opp over tjue personar som alle har stått på for å få det til. Så vi hadde aldri fått det til utan at det var mange som stilte på dugnad.