First Lego League internasjonal er ein kunnskaps- og teknologikonkurranse som strekker seg over åtte veker. Konkurransen har som mål å inspirere og forsterke born og unge i alderen 10-16 år si interesse for teknologifag og å bli framtidas problemløysarar. Både utforskartrong og skaparglede skal stå i fokus, ifølge arrangørane.

– Ein festdag

Tidlegare har det vore over 500 personar innom på konkurransedagen i operahuset, og prosjektleiar Arild Hjelmeland Inviro AS håpar det er mange lag som vil melde seg på til årets konkurranse.

– Seinast i 2017 var det over 20 lag med 250 born og unge som deltok på First Lego League i Operahuset. Det var ein festdag. Dette er ein svært viktig arena for dei som har interesse for teknologi, innovasjon, design, programmering, miljø m.m. og ein kan sjå gleda både hos barna som deltar, foreldra og vennar som er og heiar på dei, og ikkje minst blant lærarane. Dette er ein unik moglegheit, så vi håpar det er mange skular som melder seg på no fram til fristen, seier Hjelmeland.

Tilrettelagt i læreplanen

Dei fleste som deltek i First Lego League representerer ein skule og ei klasse, og arbeidet elevane gjennomfører passar svært godt inn i læreplanen

– First Lego League er med på å gje gode opplevinga for borna som deltek. Det er med på å styrkje samhald i klassa/gruppa og skapar ein lagfølelse, der alle sin jobb er like viktig. Dette er eit svært viktig element med konkurransen, og også noko dei må vise fram og presentere på konkurransedagen korleis dei har samarbeida for å få til oppgåvene. At dette er noko ein gjer i saman som ei gruppe og som ein kan nytte skulearbeid til, er det vi kallar ein vinn-vinn situasjon, seier han.

Gode samarbeidspartar

Tidlegare har det vore Eid vidaregåande skule som har stått for prosjektgjennomføringa av arrangementet, men i år er det Inviro AS som er blitt prosjektleiar, og med seg på laget har dei Nordfjordakademiet, Nordfjord opplæringskontor og Eid vidaregåande skule.

– Vi vart spurt om vi hadde moglegheit til å stå for gjennomføringa, og med gode sponsorar på laget i Sparebanken Vest, Sparebankstiftinga og Nordfjordrådet, vart ikkje det noko problem. Alle som deltek i prosjektgjennomføringa ser at dette er ein fantastisk arena for born og unge til å utfordre seg sjølv, jobbe i team og delta i ein spanande konkurranse, samstundes som dei lærer om teknologifag, så vi takka sjølvsagt ja.

Stabil dommarstand

Det er mange som har vore med frivillig som dommarar i mange år, og det er fleire av desse som i år også ønskjer å delta som dommarar. Men dersom ein ønskjer å bruke ein laurdag i november til å bidra til gjennomføringa og legge til rette for aktivitetar for born og unge er det berre å ta kontakt med Arild Hjelmeland

– Vi er så vidt i gang med rekrutteringa av frivillige som ønsker å stille som dommar, og har ein lyst å delta som dommar så krev det ingen forkunnskap og ein vil få god opplæring i den rolla ein blir tildelt. Dette er ein sosial dag der ein bidreg til læringslyst og gjennomføring blant born og unge, så nøl ikkje med å ta kontakt, avsluttar Hjelmeland.