– Det er fantastisk at dei vil kome til vesle Måløy. Det er stort for oss og lokalsamfunnet. Samstundes er det ein veldig god følelse og endeleg kunne opne dørene. Ein har arbeidd med senteret i nærmare 14 år, så dette er stas, slår Ramsevik Kvalheim fast.

Les meir om «Likestilt» her

Ho er tilsett som senterleiar, og då tilbodet kom, var Ramsevik Kvalheim ikkje i tvil om at jobben ville ho ha.

– Eg synst det var ein spennande moglegheit og eg kunne ikkje seie nei. Eg er veldig glad i historie og eg likar godt å høyre folk fortelje om historia. I tillegg synst eg det er spennande å få jobbe med krigs- og lokalhistorie.

Senterleiaren, som er frå Husevågøy, har 30 års erfaring frå reiseliv.

I tillegg til å bli ein destinasjon for turistar håpar senterleiaren at elevar frå barneskule til vidaregåande vil nytte seg av senteret. Ho ser på det som naturleg at dette vert eit tilbod gjennom «Den kulturelle skulesekken» til barne- og ungdomsskulen, i tillegg til ein del av historiefaget i skulen.

– Eg skulle kanskje ønskt at senteret kom litt før. Det er ikkje så mange igjen av dei som opplevde og hugsar Måløyraidet. Om neste generasjon skal ha glede av senteret, så måtte det kome no, om ikkje ville historia døydd ut, slår Ramsevik Kvalheim fast.

– Vi ser føre oss at vi skal vere ein turistattraksjon nasjonalt og internasjonalt. Samstundes ønskjer vi på sikt å arrangere temakveldar/føredrag, som kan lokke lokalbefolkninga og tilreisande til senteret.

Ramsevik Kvalheim er klar på kva ho håpar dei besøkande skal sitte att med når dei går ut dørene.

– Når eg går ut døra kjenner eg meg takksam for at eg ikkje opplevde dette, men samstundes tenker eg med vemod på alle som gjorde det. I tillegg kjenner eg på ei respekt for måten befolkninga bygde opp att Måløy på.