– Likar du å synge i kor? Er du glad i å spele skodespel og å stå på ei scene? Er du i tillegg mann? Då er du ekstra velkomen i operakoret til Opera Nordfjord kommande sesong, skriver Opera Nordfjord i ei pressemelding.

Operaen La Bohème markerer 20-årsjubiléet til Opera Nordfjord med premiere onsdag 3. oktober. Den store korscena er Julaftanscena, som opnar 2. akt, og i år vert det ein ekstra stor og fargerik fest når sceneteppet går og tonane til 2. akt set oss i feststemning!

– Det er tynt i herrerekkene før første korøving, så songglade herrar, både tenorar, barytonar og bassar må gjerne melde seg snarast. Eit nytt kunstnarisk team frå Sverige er godt i gong med skisser og modell til kostyme og scenografi, og alt lovar godt for ein ny og spennande opera om dei glade bohemane frå Paris.