To deltok på gult kurs, som er for dei yngste, og to på raudt kurs, som er for dei litt vidarekomne.

Laurdag hadde dei avslutningskonsert og viste fram noko av det dei har øvd på i fire og seks dagar.

Laurdag var det avslutningskonsert for deltakarane på leiren. Foto: Privat

– Imponerande kva dei får til på så kort tid, seier Lisbeth Helen Våge, og held fram:

– Det er stor inspirasjon for dei å få møte og spele i lag med andre barn og ungdommar som held på med same hobby.

Våge håpar skulekorpsa held fram med å sende musikantane på leir.

Der var også to frå Holvik skulekorps som deltok på leiren.