Har du tatt eit fint bilde av fullmånen? Del det gjerne med Fjordenes Tidende! Send det til fjt@fjt.no eller tag bildet på Instagram med #fjtno.

Fullmåne er ikkje eit sjeldan fenomen, og er ei av dei fire månefasene. I denne månefasen ligg jorda mellom månen og sola.

Det er fullmåne cirka ein gong i månaden sidan det tar om lag 29 dagar for månen å gå gjennom dei fire fasene.

Ifølge Wikipedia trudde ein tidlegare at fullmånen kunne skape det dei kalla månesjuke. Månesjuke ramma dei som var følsomme og gjorde slik at dei kunne få ekstra vanskar ved fullmåne. Fullmånen er også knytt til myten om at menneske kan forvandle seg til varulv.

Neste fullmåne er venta 16. april.