Det nye kulturhuset i Nord-Vågsøy er klart for opning. Torsdag, fredag og laurdag blir det festivitas for liten og stor.
Kulturrommet: I dette rommet vil det stå ei permanent utstilling med gamle ting frå skulane i kommunen, i tillegg til andre ting. Roald Refvik (framme t.v.), Edvard Iversen, Reinhardt Sørgård (bak f.v.), Harald Haugen og Jan Gunnar Televik, som har vore del av dugnadsgjengen, gler seg til å vise fram det nye kulturhuset under opninga torsdag, fredag og laurdag. Alle foto: Svanhild Breidalen