Vilde Hjelle (12) og Anna Naustdal (12) frå Nordfjordeid er klare for finalen i Melodi Grand Prix junior.

Dei to venninnene Vilde og Anna er blant dei ti finalistane som skal delta i den store finalen i Oslo Spektrum 5. november. Dei skal framføre songen «Vestlandet».

Anna har alltid elska å synge, og var på UKM med brørne sine då ho var ti år. I 2016 deltok ho på UKM saman med Vilde med «Vintersong». Dette var første gong dei stod på scena saman.

Det er Vilde som har skrevet sangen «Vestlandet».

Det var i år rekordstor påmelding til MGPjr. I år kom det inn 1.312 bidrag, noko som er nesten 600 meir enn i fjor.

– Det er mange som har latt seg inspirere av fjorårets finalistar, og fleire guttar enn vanleg har meldt seg på årets musikkfest. Konkurransen har vore knallhard, og no står det igjen sju guttar og åtte jenter - eit gutteband, ein jenteduo og åtte solistar som skal kjempe om sigeren i årets MGPjr, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Det er stor geografisk spreiing i årets finalister: Nærsnes, Råholt, Nordfjordeid, Mo i Rana, Langhus, Asker, Tromsø, Bodø, Lillestrøm og Stavanger er representert.

– Det er viktig at vi er ei motvekt i ein musikkbransje der det norske språk får mindre plass i populærutgjevnadarr. Difor er det et krav at ein syng på norsk, nynorsk eller samisk, og det er gledelag at så mange av finalistene nok ein gong vel å bruke dialekta si i songen, sjølv om det ikkje er påkrevd, skrive arrangørane.