Matskulen byr på oppskrifter utarbeida av MVS-elevane i La nature gourmet UB i samarbeid med kokk- og servitørfaglærarane Iren Hammersvik, Bente Iren Vonheim og Monica Iren Venøy Lexau. I dag har Jeremy Admiral laga krabbesalat.
Gnocchi er ein italiensk rett som blir kalla for potetpasta. Om ein ønsker å variere deigen, kan ein tilsette forskjellige urter. Gnocchi kan vere litt utfordrande å lage, det er viktig å ikkje jobbe for mykje med deigen, då blir den for seig. Gnocchi kan ein bruke som tilbehøyr der ein vanlegvis brukar potet eller pasta. Denne oppskrifta er nok til seks personar.
Dette treng du:
500 g. mandelpotet eller kerrs pink
1–2 eggeplomme
100 g. kveitemjøl
150 g. parmesan
Malt muskatnøtt
Salt og pepar
Slik lagar du gnocchi:
Kok potetene utan salt, damp dei tørre. Mos potetene, avkjøl litt før du tilset mjølet, eggeplommene og parmesanen. Smak til med salt, pepar og muskatnøtt. Deigen skal vere smidig, om den er klissete kan du tilsette litt meir mjøl.
Rull deigen til pølser og del i små ballar. Trill dei runde eller avlange, trykk gjerne ein gaffel i for å lage mønster.
Kok gnocchi i lettsalta kokande vatn, dei er ferdige når dei flyt opp, ca. 5–8 minutt.
Legg dei på eit olja brett eller vend dei i saus.