Espen Hammersvik frå Måløy er ein av fire gjenverande finalistar som skal kjempe om sigeren under finalen av Robinsonekspedisjonen som blir vist neste sundag.

Hammersvik gjekk til vidare med berre ei stemme mot seg under gårsdagens episode, medan motstandaren Alex fekk fire stemmer og måtte forlate konkurransen.

– Det var ein fantastisk følelse når Christer (programleiar) las opp stemme nummer tre til Alex. Eg skjønte at løpet var kjørt for han og innsåg at finaleplassen var sikra, seier Hammersvik.

Finalisten arbeider til dagleg på Clarion Hotel Admiral Bergen, der han sundag arrangerer ein finalefest for familie, vener og kollegaer.

– Eg kom tilbake til Europa fyrste juli i fjor, men for å markere at det er siste episoden, sidan ein berre er med i Robinsonekspedisjonen ein gong i livet, har eg invitert vener, naboar, kollegaer og familie til hotellet og køyrer episoden på storskjerm. Her blir det litt mat og drikkeservering og ein trivelig kveld for store og små, fortel han.

– Finalen blir ein veldig spennande episode. Fyrst vil det vere den tradisjonelle planken, der den som står lengst er sikra ein plass i finalen. Etter det er det semifinale blant dei tre gjenverande, og den konkurransen er den største som er produsert i robinsonhistoria. Eg kan garantere at det blir veldig spennande, seier Hammersvik.