Det nærmar seg den tradisjonelle nyttårskonserten til Sunnivakoret. I år kjem dei til Kinn kommune. For første gong skal dei halde den årlege nyttårskonserten i Måløy, og for andre gong i Florø.

Konserten blir laurdag 6. januar i Nordfjordhallen og søndag 7. januar i Florø.

I 2022 hadde dei konserten i Operahuset på Nordfjordeid, i år hadde dei konsert på Sunnmøre og til nyåret kjem dei blant anna til Nordfjordhallen.

Under årets nyttårskonsert i Nordfjordhallen skal dei samarbeide med Måløy songlag, som skal framføre eigne nummer i tillegg til fellesnummer saman med Sunnivakoret.

– Med Måløy songlag med kan vi få inspirasjon frå kvarandre, og med eit par øvingar saman før konserten er vi klare, seier Trandal.

Måløy songlag i april 2023. Foto: Lisbeth Rønhovde

Høgdepunkt

– Nyttårskonserten er utan tvil årets høgdepunkt. Det er stas å få synge saman med profesjonelle musikarar som Ytre Suløens, seier leiar for Sunnivakoret, Jon-Arve Trandal.

Sunnivakoret har hatt eit langt samarbeid med Ytre Suløens Jass-ensemble. Dei spelar musikk med utgangspunkt i tradisjonell jazz frå New Orleans. Ensemblet frå Langevåg utanfor Ålesund har eksistert i femti år.

Ytre Suløens Jass-ensemble frå Langevåg. Foto: Privat

20-årsjubileum

I år er det tjue år sidan Sunnivakoret vart oppretta av Oddvar Stave.

– Det er heilt fantastisk å vere med i koret, ein lærer stadig noko nytt. Vi er som ein storfamilie, det er utruleg kjekt, seier Trandal.

Trandal er leiar for Sunnivakoret og har vore med sidan starten. Då har byrja i koret for tjue år sidan var dei litt over hundre medlemmer. No er dei femti.

– Vi har med andre ord plass til fleire, seier leiaren for koret.

Frisk start på året

Koret har medlemmer frå Stad, Vanylven og Kinn, men også frå andre plassar som, Sunnmøre, Sunnfjord og Austlandet, har hatt øvingshelgar på Åheim skule i forkant av konserten.

– Vi håpar at folk kan ta turen for å få ein frisk start på nyåret saman med oss. Det er mange andre arrangement og vi prøver så godt vi kan at vår konsert ikkje skal kollidere med andre konsertar og arrangement, seier Trandal, som fortel at konserten blir fylt av rytme og song frå den opphavlege jazzen frå New Orleans, som er knytt til sjangeren gospel.