– Kjernekar og supertalent Adam Douglas har valt repriselåt frå EDM-sendinga og inviterte meg tilbake som coach. Veldig kjekt å vere med igjen. Eg gler meg til finale på laurdag, skriv Pavelich på si Facebook-side.

Pavelich var coach i den andre sendinga av det NRK-sende tv-programmet Stjernekamp.

Douglas skal synge tre songar i finalen komande laurdag. Desse er False Alarm, som vi såg han framføre då EDM stod på menyen. Den eigne låten vi får høyre er I Once Was An Honest Guy, og finalelåten blir Try A Little Tenderness av Otis Redding.

– For meg så er han den som gjennom heile sesongen har hatt best vokalprestasjon uansett sjanger. EDM var ein ekstremt god match. Som eg sa i sendinga er stamma hans av typen som kunne vore featuring på ei stor låt. Han kler det utruleg bra, og eg er veldig spent på å sjå korleis han skal toppe den førre framføringa, seier Pavlich til fjt.no.

I finalen laurdag står Douglas på scena saman med artisten Didrik Solli-Tangen.