Har vore fans heile livet: – Vi bestilte hotell allereie april i fjor
Det var ikkje berre på kveldstid det yrer av folkeliv i teltet. Det var minst like mykje liv og folk på dagtid, med konsertar, parade og utstilling av bilar.
Venninnene frå Mysen elskar Elvis. Det er første gongen dei er her og bestilte overnatting tidleg for å kunne komme seg til Måløy.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
– Vi elskar Elvis og kan alle songane hans, seier Astrid Steinsland
Ho og venninnene har reist frå Austlandet for å vere med på Elvisfestivalen for aller første gong.
Dei hadde høyrt om ein norsk Elvisfestival som skulle vere på Vestlandet ein stad. Men kor visste dei ikkje heilt.
– Eg hadde ikkje høyrt noko om Måløy, men Elvisfestivalen her er noko heilt unikt, seier ho.
Astrid Steinsland og Ann-Hilde Stenberg har vore fans av Elvis i alle år.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Under Elvisfestivalen har dei vore på alle konsertane og treivst veldig godt.
Her er artistane Victor Trevino og Irene Tronvik på plass i paraden.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Ludvig Hauge Bakke (5) hadde på seg skjegg og drakt då han såg på paraden. Truleg årets yngste Elvis.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Artistane kom på rekke og rad i gamle amerikanske bilar.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Måløy Musikklag spelte til ære for Elvis.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Her ser det nesten ut som at dette kunne ha vore 17. mai.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Fremst i paraden gjekk desse gutane med flagg.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Mange filma og tok bilde av paraden.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Det var mange som venta i spenning på den litt forsinka paraden.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Ein cowboy-Elvis.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
IPad funkar også til å filme konsertar.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Og videokamera.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
I teltet var det like fullt på dagtid som på kveldstid.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Mange var imponerte då Victor Trevino Jr gjekk på scena.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Det var full jubel og applaus å få frå det engasjerte publikummet.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Victor Trevino Jr har vore proff Elvis i ti år!
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Sjølv om mange var inne i teltet og høyrde på musikken var det også ein del som tok seg ein matbit utanfor.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Desse tre hundane var ganske glade for å sjå kvarandre.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Bilane som blei køyrt i paraden stod også på utstilling.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Mange såg på og tok bilde av bilane.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Veldig stilige!
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Det var mange bilar på rad og rekke.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Denne gjengen frå Ørsta eig to av bilane på utstilling. Då dei fekk spørsmål om kor mange dei har svarte han til høgre. – Kor mange par med sko har du?
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Sjå så søt!
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Han her har visst vore med på The Voice. Han heiter Odin Brennhaug.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Fleire var imponerte då Odin stod på scena.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik
Ein som vinka til kameraet.
Foto: Fride Audunsdotter Westvik