Anna Lillestøl Naustdal (19) frå Haugen og Nordfjordeid flytta til Oslo for fem veker sidan. Medan resten av vennane flytta til Bergen for å studere, bur ho i hovudstaden for å konsentere seg om musikkarrieren.

Veldig klar for musikklivet

– Eg har venta og venta på å bli ferdig med vidaregåande slik at eg kan prioritere musikken. Det er spennande, men òg skummelt sidan det er veldig vanskeleg å lykkast i musikkbransjen, seier ho.

Ho skal i alle fall gjere det ho kan for å prøve. Ho skal prioritere musikken, spele og skrive songar, både sjølv og saman med andre.

– Det er ikkje alltid det er så gøy å sitte inne på ein laurdagskveld fordi du må skrive ein låt. Men slik er det. Og til no har eg synest det har vore veldig kjekt.

Ofte kjem låtane litt tilfeldig til Anna Lille.

– Eg kan sitte og spele og plutseleg kjem det noko. Det kan vere noko nokon seier i ein serie, og eg innser at eg ikkje har tenkt på akkurat det før. Så kjem ein song som tar utgangspunkt i dette.

Anna Lille har venta ei stund på å få starte musikkarrieren sin og er veldig klar. Foto: Emma Sukalic

Første singel med nytt artistnamn

Fredag kjem songen Stealing the Scene. Det er ein låt mange ungdommar vil kjenne seg igjen i.

– Den handlar om når vennane dine får sine første kjærastar og ikkje har tid til deg lenger. Du er berre god nok når vennane dine har eit problem med kjærasten. Då kjem dei til deg for å prate eller få gode råd, forklarer ho.

Anna har også tatt artistnamnet Anna Lille. Det har vore ein lang tankeprosess der ho har gått fram og tilbake, og ikkje følt at noko passa. Men så sa enten faren eller mora «Anna Lille». I dette artistnamnet tar ho nemleg med seg både noko frå mora og faren. Lillestøl er mora sitt opphavlege etternamn, medan Anna var bestemora til faren.

– Og oldemora mi syntest ikkje det var greitt at ho skulle bli kalla for Gamle-Anna då eg blei fødd. Og då blei det Lisje-Anna på meg.

Anna bur saman med brødrene sine i Oslo. Peder til venstre og Runar til høgre. Foto: Privat

Bur saman med brødrene

Anna bur saman med brødrene sine Runar og Peder i Oslo. Men sjølv om ho har dei tett på, forstod ho med ein gong ho flytta at ho kom til å sakne heimplassen.

– Eg er jo ekstremt heimekjær. Eg kjende vel eigentleg allereie før eg flytta at eg kom til å sakne for eksempel å vere fri til å gjere fleire små ting på ein dag, som ein køyretur eller ta seg ein tur på fjellet. I tillegg er det jo annleis å bu i ein by enn i ei bygd. Men det er ein fin ting å kjenne på at ein saknar å vere heime, smiler ho.

Anna og Vilde då dei vann MGP junior i 2016. Foto: Odd Inge Rand

Og heime har ho lang fartstid i å stå på ei scene. I 2016, då Anna var 12 år, vann ho Melodi Grand Prix junior saman med venninna Vilde – og heile landet blei hekta på songen «Vestlandet». Etter det har det vore mange opptredenar i operaen på Nordfjordeid, festivalar, i russerevy og sjølvsagt på Malakoff Rockfestival.

– Melodi Grand Prix er jo det største eg har opplevd, men det var ekstremt stort å stå på scena på Malakoff etterpå også.

Nærare 10.000 menneske møtte fram i solskinet då Vilde og Anna opptredde på Malakoff Rockfestival i 2017. Foto: Jørn-Arne Tomasgard

– Kva har vore det kjekkaste alle desse åra viss du tar vekk MGP junior og Malakoff?

– Då eg blei 16 år fekk eg ei bursdagsgåve med mamma og pappa som har betydd mykje. Eg fekk ein dag i studioet Ocean Sound i Giske. Det var på ein måte då eg såg støtta deira i å la meg gjere mitt. Det var ein veldig fin ting.

Jubileumsfest og framtida

Torsdag skal Anna synge for plateselskapet sitt, Propeller Recordings, sin 20-årsjubileumsfest saman med to andre artistar. Og fredag er den store dagen der verda får høyre Stealing the Scene for første gong.

– Det vil komme meir og meir musikk frå meg framover og eg håper sjølvsagt på spelejobbar også. Ein har jo alltid lyst at folk skal bli interesserte og like musikken ein lager.

– Er det ein sjanse for ein ny Malakoff-opptreden, denne gong som soloartist?

– Det håper eg sjølvsagt veldig sterkt. Men det veit eg ikkje. Då må du høyre med faren min (festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal, red.merk). Eg føler ikkje at eg kan ta den samtalen med han. Det må han finne ut av sjølv, smiler ho.

MGP Junior juleturne i desember 2017. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
Anna og Vilde på Refvik Strandfestival i juli 2019. Foto: Eirik Gard Endal
Kalvåg kystfestival i august 2019. Foto: Elise Silden
Americanafestival i Gymmen på Nordfjordeid i mars 2019. I gruppa Naustdals var heile familien Naustdal, og dei framførte fire låtar som første innslag på festivalen. Her samla etterpå f.v. Hege Lillestøl Naustdal, Runar, Anna og Peder Lillestøl Naustdal og Arnt-Ivar Naustdal. Foto: Siri Kolseth
Konsert med Kjølsdalen Musikklag i Operahuset og familien Naustdal syng i desember 2020. Foto: Siri Kolseth
Anna var både ein av revysjefane og spelte rolla som Asbjørn Brekke i russerevyen Villspor i februar 2023. Foto: Kjellrun Åsebø