Fasiten finn du under kvar kategori. Lykke til!

2023

1. I kva land vart Lula da Silva innsett som president i januar?

2. Frå kva land kjem årets vinnar av Nobels fredspris?

3. I juli kunngjorde kva flyselskap at dei hadde kjøpt opp Widerøe?

4. Kva heitte dottera til Elvis Presley som gjekk bort i januar?

5. Kva parti vart størst nasjonalt under kommune- og fylkestingsvalet i haust?

Svar: 1. Brasil 2. Iran 3. Norwegian 4. Lisa Marie 5. Høgre

2024

1. Korleis skriv ein 2024 med romartal?

2. I kva land skal vinter-OL arrangerast i 2024?

3. I kva land skal fotball-EM for menn arrangerast i 2024?

4. Er 2024 skotår?

5. Er det presidentval i USA i 2024?

Svar: 1. MMXXIV 2. Italia 3. Tyskland 4. Ja 5. Ja

Ord og uttrykk

1. Kva vil det seie å få så hatten passar?

2. Kva by fører alle vegar til ifølgje eit ordtak?

3. Kva kjenneteiknar ein person som blir kalla ein krøsus?

4. I moderne språk, kva vil det seie å ha ein «beef» med nokon?

5. Kva butikkjede har slagordet «Vi gir oss aldri på pris»?

Svar: 1. Å få kraftig kritikk 2. Rom (Roma) 3. At han/ho er veldig rik 4. Å vere i konflikt/krangel med nokon 5. Kiwi

Frå film til TV-serie

1. Kva film er serien Bates Motel inspirert av?

2. Kva film frå 1970 med handling frå eit amerikansk feltsjukehus under Koreakrigen fekk 11 sesongar i ein serieversjon?

3. Kva filmunivers kjem serien The Mandalorian frå?

4. Kva klassisk film er serien Scarlett inspirert av?

5. Kva skrekkfilm er serien Damien inspirert av? Damien er namnet på den vondskapsfulle ungen i filmen?

Svar: 1. Psycho 2. MASH 3. Star Wars 4. Gone With the Wind/Tatt av vinden 5. The Omen

Til sjøs

1. Kva blir 1,852 km/t kalla?

2. Kva er eit orlogsskip?

3. Kva er eit kuauge/kuøye?

4. Kva blir eit seglskip med minst tre master kalla?

5. Kva vart ein sekstant brukt til?

Svar: 1. Knop 2. Krigsskip 3. Vindauge om bord på ein båt 4. Fullriggar 5. Navigasjon

Dyreriket

1. Kva heiter andearten der hannen har grønt hovud og kvit halsring?

2. Galapagosøyene har namn etter det spanske ordet for kva dyr som er karakteristisk for øyene?

3. Kva er røye?

4. Er ein vombat eit pungdyr, ein slange eller ei øgle?

5. Kva slags fugl er korp eit anna namn for?

Svar: 1. Stokkand 2. Papegøye 3. Ein fisk (i laksefamilien) 4. Pungdyr 5. Ramn

Aviser

1. Kva avis kjem ein til ved å gå til nettsida dn.no?

2. Kvar kjem avisa Firda Tidend ut?

3. Kva avis blir av og til forkorta til WSJ?

4. I kva avis tok Frode Hansen over for Alexandra Bæverfjord som redaktør tidlegare i år?

5. I kva by kjem Fædrelandsvennen ut?

Svar: 1. Dagens Næringsliv 2. Sandane 3. Wall Street Journal 4. Dagbladet 5. Kristiansand

Under eller over?

1. Er ein norsk alen under eller over ein meter?

2. Er eit fotballmål for senior 11-ar under eller over 20 kvadratmeter i areal?

3. Er major under eller over kaptein i rang i Hæren?

4. Er ein servil person under- eller overlegen andre?

5. Er det under eller over 1000 år sidan Bergen vart grunnlagd?

Svar: 1. Under 2. Under 3. Over 4. Under 5. Under

Godt nyttår

1. I kva land vart fyrverkeri funne opp?

2. Er det kongen eller statsministeren som held tale for det norske folk første nyttårsdag?

3. Kan dei feire nyttår i Australia før eller etter oss her i Noreg? 4. Frå kva song er desse orda henta: «May we all have a vision now and then, of a world where every neighbor is a friend»?

5. I kva by blir Nyttårshopprennet arrangert første nyttårsdag?

Svar: 1. Kina 2. Statsministeren 3. Før oss 4. Happy New Year (av ABBA) 5. Garmisch-Partenkirchen

For dei minste

1. I kva land ligg byen Los Angeles?

2. Kva bestevennar har kosedyra Løveungen og Frøken Kanin?

3. Kor mange sider har eit triangel?

4. Kva to fargar har ein spekkhoggar?

5. Kor mange grader er ein rett vinkel?

Svar: 1. USA 2. Karsten og Petra 3. Tre 4. Svart og kvit 5. 90.