Naturlege opplevingar

Grete Solborg Fure i Stadt Naturguiding kjenner historia og naturen i Selje som få. Ho tilbyr rike naturopplevingar gjennom guida fotturar med historie over heile Selje kommune. Guiden legg til rette etter alder, interesse og kor fysisk aktiv ein ønskjer å vere. Overnatting, mat og transport kan ordnast. I tillegg organiserer Fure andre aktivitetar som yoga og rekvedkurs i lag med andre lokale aktørar. Om ein er interessert i Kystpilegrimsleia, tilbyr guiden turar i tilknytning til denne. Ein kan også bestille ein rundtur i bil for dei som ønskjer det.  I tillegg til fleire påmeldingsturar i sommar, stiller også Stadt Naturguiding med turar i tilknytning til kulturarrangement i kommunen.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.