Ti år seinare er Adam Douglas eit namn mange norske musikkinteresserte for lengst har høyrt om.

Laurdag var det premiere på Stjernekamp på NRK der Douglas imponerte side om side med profilerte namn som Benedicte Adrian, Ida Maria, Gaute Ormåsen, Didrik Solli-Tangen og Hilde Lyrån.

Adam song Whitesnake sin store stadionrockelåt Here I Go Again. Han fekk tommel opp frå både Torgny Amdam, Mona B. Riise og Thomas Felberg i dommarpanelet etterpå.

Under premiera var det stadionrock som var tema, og Adam imponerte med Whitesnakes Here I Go Again frå dei glade 80-åra.

– Det var veldig nytt for meg å gjere slikt, men eg er stor fan av Coverdale si stemme. Kanskje den kulaste stemma frå denne epoken, seier han dagen etterpå.

Han fekk stå framfor eit rocka band med tre gitarar og full trykk.

– Eg er ein bandgut, og eg kjenner mange av desse musikarane frå før, seier han om blant anna gitarist Terje Kjørlaug frå Florø i Stjernekamp-bandet.

Rock Weekend 2007

Men vi må tilbake til 2007, og ein søndag i Bremanger, for å finne Adam si norske historie. Ein dag som endra livet til Adam totalt.

– Vi skulle spele på Rockweekend, og eg blei heilt slått i bakken av landskapet. Den lufta, og dei fjella, fortel han. Det var ikkje berre Bremanger han fall for, men også Kristin Solberg.

– Eg møtte ho utanfor Havly etterpå, og praten gjekk både om Bremanger og så mykje anna, seier han lurt.

Fem år seinare var han gift med draumedama, og to år etter det igjen kom vesle Alvin (som blir tre i oktober) til verda. No bur den vesle familien på Harestua utanfor Oslo. Adam er musikklærar på Hadeland kulturskule, i tillegg til å gje ut plater under eige namn og med bandet High Red. Dei observante har nok fått med seg Douglas si praktfulle stemme både på Beat For Beat på NRK og Beatles-prosjektet It was 50 years ago today.

– Eg har vore heldig å få prøve ulike ting. Å vere artist i desse dagar er utfordrande, men Norge har verdas beste publikum, og eg er svært stolt av å bu her, seier den audmjuke mannen med den store stemma.

Solid støtte

Under Stjernekamp i helga sat svigerforeldra Dag og Reidun Solberg blant publikum for å heie. Det same gjorde svogeren Kjetil Solberg som kom med sin familie heilt frå Bergen.

– Kristin måtte vere heime med Alvin, men ho kjem neste gong, seier Douglas.

Kristin og Adam fann tonen tidleg. Her er dei på vestlandsferie og kosar seg.

Han håpar å få vere med i Stjernekamp lenge, og det er nok å bryne seg på framover. Neste laurdag er det EDM (elektronisk dansemusikk), så skal dei innom både reggae, opera og hiphop seinare. Stjernekamp skal kvitte seg med ein av deltakarane i kvar sending frå og med neste runde.

– Eg håpar å henge med. Gjer eg det kjem eg til å lære mykje, ikkje berre i forhold til songen, men også det å vere på scena. Blues og country er heimebane for meg, men eg gruar meg til hiphop, seier han og legg til at han faktisk har sunge klassisk tidlegare.

Bremanger er terapi

Hausten står i Stjernekamp sitt teikn, men Douglas skal også ut med ein solosingle i haust samtidig som han planlegg ein stor julekonsert. Med bandet High Red slepp han plate i november, og til våren kjem han også med heilt nytt soloalbum. Kalenderen er heftig for stortalentet, men når anledninga byr seg er destinasjonen Bremanger. Kvar gong.

– Det blir ein to–tre gongar i året. Då reiser vi over Hemsedal, tek dei flotte ferjene og nyt naturen. Bremanger er avslappande, og nærmast som terapi for oss. Og kanskje blir det ei hytte der ein vakker dag.