Påske

1. Første påskedag fell på første søndag etter første fullmåne etter kva?

2. Er påska i år forholdsvis tidleg eller forholdsvis sein?

3. Kva salme sluttar slik: «Sangen toner, vår forsoner, vår forsoner til evig pris»?

4. Kven ga ut songen «Påsketur» i 1984?

5. Med eit namn som betyr «smerta sin veg» kva heiter gata som Jesus bar korset gjennom på veg til Golgata?

Hill

1. Kven spelte den mannlege hovudrolla i filmen Notting Hill?

2. Kva parti representerer Hill Marta Solberg?

3. Kva heiter fotballstadionet i Sheffield der 97 tilskodarar mista livet under ein cupkamp i  april 1989?

4. Kva heitte den britiske komikaren som hadde sitt eige show på BBC frå 1955 til 1991?

5. Kven var den kvinnelege frontfiguren i gruppa Fugees?

Britar

1. Nemn eit år Charles Darwin levde.

2. Kva Formel 1-sjåfør overraske mange med å byte frå Mercedes til Ferrari tidlegare i år?

3. Kven var britisk statsminister frå 2016 til 2019?

4. Kva heitte den engelske sjøfararen og oppdagaren som mellom 1768 og 1779 kartla store delar av Stillehavet, blant anna New Zealand og Australia?

5. Kom diktaren Robert Burns frå England, Wales eller Skottland?

Namn i byar

1. Kva by heitte tidlegare Leningrad?

2. Kva tysk filosof var i namnet til byen som i dag heiter Chemnitz?

3. I kva by vart Vinter-OL arrangert i 1992?

4. Kva heiter tvillingbyen til Minneapolis i Minnesota?

5. I kva land ligg Ho Chi Minh-byen, tidlegare kjend som Saigon?

Kunst

1. Kva står bokstavane MOMA for i namnet på eit kunstmuseum i New York?

2. Kva kunstperiode kan tidfestast frå rundt 1790 til rundt 1850?

3. Under kva namn er popkunstnaren Terje Brofos meir kjend?

4. Kva surrealist er kjend for måleriet The Persistence of Memory, der motivet er smeltande klokker?

5. Kva heiter kvinna som har stått i spissen for gatekunst i Måløy?

Latin

1. Kva betyr uttrykket carpe diem?

2. Kva åtvaring er uttrykket «cave canem»?

3. Kva betyr uttrykket divide et impera?

4. Kva latinsk ord som i dag er mest brukt i politikk betyr «Eg nektar»?

5. Kva betyr uttrykket nudas veritas?

Bilar

1. Kva bilmerke har modellen EX30?

2. Kva bilmerke gjekk under namnet Datsun fram til 1986?

3. Kva Toyota-modell er med ca. 45 millionar selde bilar verdas mestseljande bilmodell gjennom tidene?

4. Kva bilmerke har modellserien Accord?

5. Kva bilmerke har modellserien Phantom?

Klosterliv

1. I kva by ligg Munkholmen?

2. Kva historisk periode vart innleia med angrepet på klosteret Lindisfarne i 793?

3. Med eit ord på a, kva blir ein åndeleg leiar i eit kloster kalla?

4. Kven har munkeordenen fransiskanarar namn etter?

5. Kva drikk er munken Dom Pérignon opphavsmann til?

Songarar

1. Kven har hatt hits som Piano Man, Just the Way You Are og Uptown Girl?

2. Kven har gitt ut albuma Riv i hjertet, Ingenting i paradis og En anna mæ?

3. I 2018 døydde ho som hadde tilnamnet The Queen of Soul. Kva heitte ho?

4. Kva songar, kanskje mest kjend som del av ein duo, ga ut albumet Graceland i 1986?

5. Kven debuterte i 1998 med albumet Morbid Latenight Show og har sidan gitt ut album som Beautiful So Far, Sweet Injections og Rollerskating?

For dei minste

1. Kva heiter Donald Duck sin heldige fetter?

2. Er «å springe» eit verb, adjektiv eller substantiv?

3. Er Wien hovudstad i Tyskland, Austerrike eller Sveits?

4. Kva skapningar er det som lagar honning?

5. Kva er eit flygel?