Dei song om Vestlandet, og dei hadde til slutt heile Norge med seg. Laurdag vann Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) MGPjr 2016 med songen alle vil gå og nynne på framover.

«Over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, ja der bur du…». Eit finare postkort frå Vestlandet skal det godt gjerast å måle.

– Det er veldig kjekt, og vi er så glade for at det var som mange som likte songen vår, seier Vilde til Fjordenes Tidende.

Oslo Spektrum var fullsett laurdag, men dei to jentene frå Nordfjordeid let seg ikkje skremme av over 7.000 tilskodarar, kamera og oppstyr. Sjarmen var skrudd på 100 prosent i det direktesende kjempeshowet frå tigerstaden si storstove.

Vilde og Anna hadde ein heiagjeng på 300 personar i Spektrum laurdag. Dei sat heilt framme ved scenekanten og var nok meir nervøse enn dei to jentene på scena.

Jentene hadde stålkontroll frå start av, og det gav dei plass i superfinalen.

– Vi tenkte jo at vi kunne kome til topps, men vi tenkte ikkje så mykje på at det skulle kårast ein vinnar. Vi tykte nemleg at alle var like gode laurdag, fortel Anna. Men då dei høyrde namna sine heilt til slutt, var det berre å sleppe gleda og tårene laus.

– Vi hadde nervar i starten, men vi blei så gira. Etterpå klarte vi ikkje å sitte i ro. Det var heilt ubeskriveleg. Heilt fantastisk rett og slett, seier jentene.

Vilde og Anna er veldig glad for å ha kvarandre, og vennskapen deira sjarmerte alle tv-sjåarane i helga. Jentene frå Nordfjordeid stod fram som eit lattermildt radarpar.

– Det er så godt å ha nokon å dele både gleda og nervøsiteten i lag med, seier 12-åringen Anna dagen etter den store kvelden.

Vilde er heilt einig, og legg også til ein essensiell ting.

– Når vi er to gjev vi kvarandre litt pause i songen også. Eg slappar godt av når Anna syng, seier eldstejenta i duoen.

Dei to jentene var så visst ikkje åleine i Oslo Spektrum laurdag. Rett ved scenekanten sat foreldra deira, og ein heiagjeng på 300 som hadde med seg hjarter med «Vilde og Anna» på, samt trykte t-skjorter for anledninga.

– Eg kunne så vidt sjå dei der nede, men vi måtte også passe på å sjå i kamera mest mogleg, seier Anna.

Etter finalefesten var det to slitne, men glade jenter som kunne slappe av på hotellrommet.

– Må kome oss ned på jorda att

Vilde og Anna er den første duoen som har vunne etter Marcus & Martinus i 2012.

I 2012 vann ikkje ukjende Marcus & Martinus MGPjr med To dråper vann. Sidan har alle vinnarane av konkurransen vore soloartistar. Men fire år etter den ikkje ukjende superduoen frå Trofors, er det to jenter frå Nordfjordeid som er bornas nye pophåp.

Og Norge er kanskje meir enn klare for å få eit motstykke til dei to tvillingane frå nord?

– He-he. Nei, det er det umogleg å seie. Vi har ikkje slike planar eigentleg. Vi får berre ta det på sparket, seier Vilde om tida som kjem.

Dei har i alle fall fått seg mange nye vener gjennom MGPjr. Og det var litt trist å ta farvel med alle saman.

– Vi har snakka om å møtast igjen til våren. Det er planar om det, og i tillegg skriv vi til kvarandre på Instagram, fortel Anna.

Det har vore eit eventyr av dei heilt sjeldne for jentene. No ventar skulebenken igjen, med siste innspurt før jul. Det blir rart å kome heim att som rykande ferske superstjerner.

– Det blir det nok, men vi må kome oss ned att på jorda no. Og det trur eg skal gå bra, seier Anna.

Dei gler seg også til å sjå igjen alle vennane heime.

– Det var mange som var i Oslo og såg på, men vi fekk aldri møtt dei. Det blir veldig kjekt å sjå dei.