Sokneprest i Selje, Kari Leine Balog har saman med 12 andre nesten lagt bak seg heile pilegrimsruta frå Kinn til Selja denne veka.

I dag, fredag gjekk dei den siste etappen frå Fjordly over til Berstad, medan dei avsluttar pilegrimsferda på Selja i morgon, laurdag, der dei inviterer fleire til å bli med på gudsteneste.

Dei 13 pilegrimane starta ferda si i strålande vêr i Kinn, søndag.

– Vi hadde ein nydeleg dag, der vi såg Kinnaspelet og var med på gudsteneste i Kinna-kyrkja før vi starta. Sidan har det regna litt, men vi stoppar ikkje av den grunn, seier Balog.

Anita Bentsen, Aud Holvik Nordpoll og Jorund Levorstad er også med i pilegrimsfølgje.