Turtipsa er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin, Havsalt sommar, og er frå kommunane Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

Nibbefjellet, Storenosa og Hesten

Foto: Erling Wåge

Turen Vågsvåg Trippel startar ved moloen i Vågsvåg. Ein kan sjølv velje om ein vil følge vegen mot Skaret og gå stien inn til venstre rett før toppen av vegen, og følge denne mot første topp; Nibbefjellet. Eller ein kan velje å gå stien rett frå moloen langs fjæra og komme til Hesten. Denne runden er ca. 8 km lang og går først opp til toppane (Nibbefjellet eller Hesten) som er omtrent like høge – rett over 300 moh. Herfrå til de to neste toppane er det berre små opp-og-ned-bakkar før nedstiginga. Ein har ei fantastisk utsikt på turen.

Moldahytta

Foto: privat

Hytta ligg midt i eit stinett søraust for Svelgen og kan nåast frå jakthytta på Ytrehus, frå Gulebrystet eller Risesætra. Den mest brukte turen startar inst i Tiurvegen på Langeneset. Ein følger grusveg det meste av turen, og siste delen opp til hytta er på god blåmerka sti. Hytta er utstyrt med kjøkken, åtte nye sengeplassar og solcellebelysning. Vindfanget og utedoet er alltid ope. Turen er i underkant av 2 km.

Lundavarden

Frå varden har ein fin utsikt over Nordfjorden- Turen har jamn stigning frå Orheimsbotnen, om lag 1,5 time opp. Ein kan nå Lundavarden frå fleire stader. Mange vel å parkere ved Tverrelva, og gå stien inn til Orheimsbotnen og vidare opp ryggen til venstre. På vegen ser ein den flotte Heidagarden, ein lang steingard. Om ein vil ha ein rundtur, kan ein gå stien ned til Rødsætra. Då kan det vere lurt med ein bil i kvar ende.

Trollehola på Husevågøy

Foto: Svein-Magne Tunli

Denne turen går frå vegen like ved den gamle skulen i den idylliske kystbygda Husevåg og vidare over til den andre sida av øya. Først kjem ein til Færeldemyra der det ligg eit felt med helleristningar i serpentinfjell frå bronsealderen. Her er det tydelege teikningar etter båtar og solfigurar. Turen fortset vestover før ein kjem fram til trollehola. Den 20 meter høge og 30 meter lange hola er ein spennande stad å utforske. Turen tar cirka to timar turretur. Det anbefalast å utforske Husevågbygda når ein kjem tilbake frå turen til Trollehola.

Branden

Ein lett tilgjengeleg topp, med flott utsikt til Anda, Gloppefjorden og Hyefjorden. Ein kan parkere på Årskogvik camping, mot parkeringsavgift. Frå Årskogvika går ein nordover langs E39, og kryssar vegen etter om lag 200m. Det er skilta frå starten av skogsvegen. Etter kvart går vegen over i sti. På veg opp eller ned, kan ein gå bortom ein gapahuk, som er sett opp ikkje langt frå stien. Siste delen mot toppen går stien langs ryggen, med fin utsikt mot fjorden. Frå Branden kan ein gå vidare til Trollenykjen. Ein kan rekne om lag to timar opp til Branden.

Eikefjord – Strandanipa

Start frå rasteplassen i Eikefjord på rv. 5 i Kinn kommune. Kryss hovudvegen og følg stien mot Hovlandsstølane til du kjem inn på traktorvegen, fortel Flora Turlag. Gå traktorvegen vidare og inn på stien med raudmåla pålar. Kryss elva på brua og gå oppover Brekkene. Skilta mot Strandnipa i Brekkene over brua. Lengst ute i Lomelia får stien litt ned igjen og forbi ein liten hammar. Då går du mot det høgste punktet mot sørvest. Oppe fortset du i same retning ned mot kanten over Tonheim, Følg kanten utover mot varden på Strandanipa.

Knekkevasshytta

Foto: Jannike Brenden Frøyen

For å komme til hytta, kan du gå frå parkeringsplassen ved Sørdalstrappa og følge T-merka sti mot Keipen. Denne vegen er i underkant av 3 km, ein familievennleg tur. Det er også mogleg å gå frå parkeringa ved Amsterdam. Denne er brattare og 1,5 km å gå. Dette er ei DNT-hytte som Keipen Turlag har bruksavtale på. Her er sengeplass til 12. Hytta er låst med DNT-nøkkel. Det er fint å nyte nistematen på terrassen med utsikt over Nordgulen. Vil du lage deg eit varmt måltid er det gasskomfyr. Hytta har solcellebelysning. Må du, kan du besøke utedoet Dassidyll.

Keipen

Fjellet har gitt namn til turlaget i Bremanger. 1.362 moh. viser toppen seg som ein båtkeip frå store delar av kommunen. Vil du prøve deg på ein tur hit, kan det vere ein god start å begynne dagen før, overnatte på Knekkevasshytta og gå på den T-merka stien. Starten finn du ved parkeringsplassen ved Slørdalsvatnet. Gå opp trappa og følg T-merkinga fram til hytta og heilt til toppen. Dette er ein lang dagstur for folk flest.

Vedviknibba

Dette er ein populær topp, både for turgåarar på sommaren og med ski eller truger på vinteren. Ein kan gå ein bratt sti opp frå Leivdalsvegen eller ein jamnare stigning frå Stigedalen. Begge er merka. Om ein går frå Stigedalen, kan ein parkere ved anlegget på Tua. Ein går skogsvegen nokre 100 meter, før ein ser eit skilt. Frå toppen ser ein utover mot Nordfjorden og innover mot Hornindalsvatnet og Fladalen.

Melnyken – Stallbrekka

Ytre Nordfjord Turlag anbefaler turen til Melnyken. Turen startar på toppen av gamle Kvalheimsveien. Herifrå er det skilta mot Melnyken. Vel framme på Melnyken dreier ein vest og går mot Stallbrekka. Her er stien ikkje like synleg alle plassar og gjennom nokre luftige parti får ein testa om ein har høgdeskrekk. Du får fin utsikt til bygdene Oppedal og Kvalheim på kva si side av ryggen ein går på, og frå toppen får ein utsikt mot havet i vest.

Langhuken

Langhuken er Keipen Turlag sin gapahuk som ligg nydeleg til på ein odde i Langevatnet ved fv. 614. Parker på parkeringsplassen ved Langesjø hyttegrend. Nokre meter etter inngangsportalen, tar du til høgre gjennom skogen. Her kjem du fram til eit idyllisk område med gapahuk og høve til å lage mat på bålpanna (hugs ved til eige bruk). Du kan bade eller fiske (fiskekort) og om du har med deg DNT-nøkkelen, kan du ta deg ein tur i kano på vatnet. Det er ein flott plass å henge opp hengekøyer. Turen er berre litt over 1 km og er grønmerka.

Eggja i Selje

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Av fjellturar i Selje, kjem ein ikkje unna Tarvaldseggja. Turen startar ved vegen på høgste punktet på Sandvikeidet på godt merka sti. Ein kan velje om ein vil ta ein liten tur oppom Orren, eller gå forbi. Godt oppe i stien kjem du til ei steinur med tilrettelagde trinn. På toppen har du god utsikt i alle retningar. På veg ned, ta gjerne stien ned i Kvernhusdalen, Klipet og til dagsturhytta Sjøglytt.

Ytre Fure

Foto: Tor Magne Gangsøy

Turen startar ved Indre Fure på Stadlandet. På Indre Fure kan det vere verdt å få med seg klyngetunet med hus som er der. Ein fantastisk plass med små koselege hus og frodige hagar. Stien slyngar seg utover mot Ytre Fure, nokre gongar litt oppe i terrenget, medan stien andre gongar går nede i fjæra. Ein spennande tur for store og små. Når ein kjem fram til Yte Fure får ein følelsen av «der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Grytadalen – Klauvekeipen

Ifølge Flora Turlag er dette ein tur verdt å prøve. Klauvekeipen ligg på 769 meter over havet. Køyr opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på fv. 614. Start ved den nedste parkeringsplassen på vestre side. Følg merka løype til du kjem til skiltet som viser til Klauvekeipen. Ruta er varda opp mot Dyrliskaret og over, slik at ein ikkje taper for mykje høgde. Gå langs sida bortover til du treffer løypa som kjem opp bekkefaret frå bilvegen og mot Klauvekeipen. Skilt langs ruta viser retning.

Mosekleivhornet

Foto: Tor Magne Gangsøy

Stien startar på det høgste punktet på vegen mellom Drage og Hoddevik. Turen går i lett terreng, sjølv om der er nokre motbakkar. Men når ein først er oppe på høgda får ein ei fantastisk utsikt over Stadhavet og ei av dei flottaste strendene vi har her i området, Hoddeviksanden. Ein må rekne med om lag 1,5 time kvar veg. Ein kan også begynne turen på Dragseidet som ein lengre tur om ein ønskjer det. Utsikta frå toppen er spektakulær, og det er nettopp denne utsikta som er fotografert på førstesida av årets utgåve av magasinet Havsalt sommar.