Elvisfestivalen tok med seg vokalist Kristian Lysebråte og gitarist Øystein Hagen til Kulatoppen, og gav bebuarane ein konsert med musikk av ein gamal kjenning.

– Dette var heilt fantastisk. Eg har likt Elvis i alle år og kjøpte alle platene hans då dei kom ut, så dette var ei utruleg flott oppleving, sa Sigrunn Melum Slagnes, etter konserten på Kulatoppen fredag.

– Det må vere «Love Me Tender». Det er nesten ei skam å velje ut berre ein av songane, men det var absolutt eit høgdepunkt, konstaterte dei to.

Fekk rockefot

Under konserten var det fleire som klappa og song med på refrenga, og nokre tok seg også ein svingom. Falkevik, som har likt Elvis så lenge han kan hugse, kjente det rykka i rockefoten under konserten.

Sigrunn Melum Slagnes (f.v.), Kristian Lysebråte, Svein Falkevik og Øystein Hagen var alle godt nøgde med konserten.

– Eg fekk veldig lyst til å danse. Dei er veldig dyktige, men det er litt igjen til Elvis sitt nivå. Det har alltid vore Elvis for meg. Ingen ved sida av og ingen over, understrekar han, som akkurat i tide hadde fått skilt og t-skjorte frå Elvis sin fødestad i Tupelo.

– Eg kjende eg fekk ei tåre i augekroken. Det var heilt perfekt at eg fekk det i dag, smiler Falkevik, som fekk gåva frå Alexis Morken, som jobbar på Kulatoppen omsorgssenter.

Håpar på meir

Falkevik og Melum Slagnes var svært godt nøgde med initiativet frå festivalleiinga, og håpar konserten kan bli ein tradisjon under arrangementet.

– Det er veldig kjekt at festivalen kan kome til oss, så det håpar eg dei fortset med, smilte Melum Slagnes.

– Det var veldig gøy å spele i teltet, men det er konsertar som den på Kulatoppen som gir deg noko som artist, sa Lysebråte etter konserten i festivalteltet Graceland fredags kveld.