Jan-Erik Hauge frå Berle i Bremanger skal vere ein del av staben når Kongen inviterer til hagefest i september.

Nyleg fekk Hauge brevet som stadfestar at han skal vere ein del av staben under hagefesten, skriv NRK.

Hauge, som er over snittet interessert og glad i sjømat, trengde ikkje lange tida på takke ja til tilbodet.

– Det er slottet og Kongefamilien det er snakk om, så dette er utruleg artig og ein stolt augneblink å få vere med på, seier Hauge som fortel NRK at han likar å ta nye utfordringar.

Kokken frå Berle går ein spanande haust i møte. Han er også ein del av det norske kokkelandslaget som i oktober skal konkurrere om olympisk medalje i Erfurt i Tyskland.