Berre Der båra bryt-koret og skodespelarane tel 100 personar. Og mange fleire har vore med på å få Bremanger si nye store kultursatsing fram til premieredato.

– Det har ikkje vore vanskeleg å få med folk på dugnad, fortel Grete Berntzen.

Lokale snikkarar og nevenyttige folk stiller opp for å bygge kulissar, ein har samla inn gamle kle over heile kommunen til kostyme, og Berntzen sjølv har vore prosjektleiar for å få eit heilt Der båra bryt-kor klar til premiera.

– Det er Tormod Lindgren som er scenograf og har teikna kostyma. Vi syr etter hans teikningar. Han er utruleg dyktig, seier Øvrebotten.

Stoff og materiale til kostyma, samt rekvisita, har dei mellom anna funne lokalt.

– Vi har samla inn masse, sydd om, noko er nytt. Det heile er litt klipp og lim, smiler ho.

Heile kommunen og mange aktørar har gjort ein stor innsats over lang tid for å få Der båra bryt premiereklart.

– Vi har heile det profesjonelle teamet, alle dei lokale skodespelarane, koret, Bremanger Musikklag, to kystlag og mange fleire gode hjelparar frå alle delar av kommunen.