Ho er ein av åtte i arrangørkomiteen som står bak den årlege aktivitetsdagen på Kvalheim.

– Vi gjer jo dette for å skape inntekter til bygda. Og så er det kjekt å arrangere noko på Kvalheim og vise fram det vi har av moglegheiter i ei så lita bygd. Det er kjekt at bygda står samla, seier ho.

– Alle innbyggjarane stiller opp på dugnad, både før og etter. Vi hadde 150 på vaktpostar, som kokkar og i andre roller i løpet av dagen.

Det var kring 500 menneske som dukka opp på den årlege aktivitetsdagen på Kvalheim laurdag.

– Det var veldig god stemning til trass for veldig skiftande vêr. Det var mykje regn, men sola glimta til av og til, seier Refvik.

I fjor var det besøksrekord på aktivitetsdagen med 980 besøkjande.

– Det er ein stor nedgang frå året før, men det gjer ikkje så mykje. Dei som var der koste seg med alle aktivitetane og mat og drikke, smiler ho.

Dei som var på aktivitetsdagen

kunne mellom anna prøve seg på vatnet i kano, seglbåt eller SUP-brett. Ein kunne også prøve seg på hesteryggen eller traktorkøyring. I tillegg var det fleire dyr ein kunne helse på. Inne i grendehuset kunne ein kjøpe rømmegraut, og sjå «Då spriten fløymde».

– Slike dagar er fantastiske! Og så er det veldig fritt for ungane. Dei kan styre seg litt sjølve, og prøve nye aktivitetar. Eg har til dømes ein son som no vil starte med pil og boge. Og så er det ein veldig fin måte å samlast på der ein kan ta med heile familien og ungane kan treffe andre ungar. Aktivitetsdagen er eit fint samlingspunkt, seier Refvik.

Inntektene frå dagen går rett til nye tiltak i bygda.

– Vi har mellom anna sett opp ny silebane, og så har vi pussa opp litt innvendig i grendehuset. Vi har også bygd eit lite uthus utanfor, og har planar om å få opp ein klatrevegg, seier ho.