Namn:Madeleine Larsen Barmen
Alder:25 år
Sivilstand:sambuar
Bustad:Sogndal, men kjem frå Kalvåg
Yrke:prosessoperatør

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av at familie og venner skal ha det godt. Og aller mest av alt, sonen min på 1 år.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida likar eg å vere ute i naturen og styre med alt mogleg, og å bruke tida mi på venner og familie.

–  Kven beundrar du?

– Eg beundrar bestemor mi, Inger, som var frå Kalvåg. Ho var ei heilt spesiell og svært elskverdig dame som alltid var der for alle. Skulle vore fleire som ho.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste må vere naturen og havet. Eg saknar det opne havet her inne i Sogn.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Det veit eg ikkje heilt.

– Kva ville du ha gjort om du var ordførar for ein dag?

– Prøvd å gjort mitt beste for samfunnet. Akkurat kva, er eg litt usikker på.

– Kva kulturoppleving huskar du best?

– Eg hugsar veldig godt turane eg har hatt ut på klosteret i Selje. Fantastisk flott plass.

– Kva har du på nattbordet?

– Ein lampe, mobilen og bilete av sonen min.

– Kva nettstadar er du innom i laupet av ein dag?

– Sosiale nettstadar og ein haug med nettaviser. Blant anna Dagbladet, VG, Sogn Avis, Fjordenes Tidende og NRK.

– Kva er meininga med livet?

– Det må vere å nyte kvart sekund ein kan, og oppleve mest mogleg.

Les fleire Dagens ansikt her: