Opera Nordfjord feira 25 års jubileum 4.oktober med urpremiere på nyskriven opera i Operahuset Nordfjord.

– Opera Nordfjord er eit eksempel på langsiktig og vellukka samarbeid mellom vidaregåande skule, profesjonelle aktørar og amatørar. Opera Nordfjord har gjennom desse åra hatt god vokster, og er blitt eit nasjonalt føredøme, skriv representantar for fylkeskommunen.

Dei viser til at operaselskapet også har vore viktig for utvikling av usikktalent i nordre del av Vestland.

25.000 i gåve

Fylkesdirektøren gjorde difor framlegg om jubileumsgåve til Opera Nordfjord på 25.000 kroner frå fylkesutvalet sin rådveldekonto. Dette vart støtta av politikarane.

Stiftinga Opera Nordfjord vart skipa i 1998 etter initiativ frå Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich. Dei har hatt årvisse opera- og operetteproduksjonar, gjort konsertturnéar i fylket med klassisk operagalla-repertoar, og urframført norsk opera.

Tufta på dugnad

Operaselskapet har gjennom mange år hatt tett samarbeid med Eid vidaregåande skule.

– Operaen gir elevane unik erfaring, på scena eller i andre deler av produksjonen. Operaen har også samarbeidd med Firda vgs. Eit stort dugnadsapparat har, saman med lærarar og elevar ved Eid vidaregåande skule, arbeidd for å gjere operaen premiereklar til jubileet, heiter det i saksutgreiinga.

Produksjonane til Opera Nordfjord er tufta på dugnad av mange frivillige innan mellom anna kulissearbeid, kostymesaum, lyssetting, hår og sminke og servering.

– Dei er eksempel på langsiktig, vellukka samarbeid mellom vidaregåande skule, profesjonelle aktørar og amatørar. Opera Nordfjord har gjennom desse åra hatt god vekst, og er blitt eit føregangseksempel for heile landet.