Vikingane i Up Helly Aa inviterer til tradisjonelt tog gjennom gata. Toget endar med båtbrenning og fyrverkeri for å markere Måløydagene sitt 40-årsjubileum.

Under Måløydagene ønskjer komiteen å lage eit spektakulært show både for store og små. For å gjere det har dei blant anna invitert tilbake shetlandsvikingane i Up Helly Aa. Dei skal ha nokre fastlagde framsyningar i sentrum, men skal ein tru arrangørane vil nok vikingane, som kjem med jarlen sin, også vise seg fram utanom det fastlagde skjemaet.

– Vikingane skal lage liv i gata på fredag og laurdag. Eg har god tru på at folk både vil sjå å høyre dei. Når dei startar å synge og showe er det som om eit brøl som går gjennom gatene, fortel Bente Jørgensen i arrangementskomiteen.

Togar gjennom sentrum

Hovudattraksjonen frå vikingane skjer først natt til søndag. Då skal vikingane i Up Helly Aa samle alle dei som framleis er ute i gatene for å feire Måløydagene sitt 40-årsjubileum.

– Nattshowet inneber at vikingane inviterer alle til å gå i tog gjennom sentrum. Toget gjennom sentrum skal ende med at ein set fyr på ein gammal båt. Komiteen har fått tak i ein gammal båt, som er litt større enn ein færing, forklarar Jørgensen.

Etter planen skal toget starte idet uteplassane i sentrum stenger, slik at alle dei som framleis er oppe får høve til å vere med.

Spektakulært syn

Toget skal så etter planen bevege seg til fyllinga ved sjøen i sentrum. Der skal vikingane sette fyr på den gamle båten. Dette skal avsluttast med eit fyrverkeri for å markere jubileet til Måløydagene.

– Dette blir eit flott og spektakulært show. Det blir ikkje eit enormt fyrverkeri, men vi trur det blir eit flott syn og ei fin markering for alle som tek turen, fortel Jørgensen, og legg til:

– Måløydagene har blitt svært populære dagar for alle aldersklasser, då det er så mykje å delta på. Handelsnæringa, kafear, restaurantar, pubar og hotell har fulle hus. Gjestehamna og bubilparkeringa i Torghopen fyllast opp. Og det er generelt god stemning i byen. Allmennytta er stor av å arrangere dagane og det er ein festival vi ønskjer å halde på og å utvikle vidare til glede for alle.