Minneord om Leif Erik Breidalen

Meldinga om at Leif Breidalen var gått bort 10. februar, 81 år gamal, var trist å få. Verda har mista eit unikt og artig menneske.

Vi hadde Leif som lærar alle åra vi gjekk på Skram skole (1997-2003), og av den grunnen er vi blant dei heldigaste av elevar.

Med sine mønsterrike og farga sokkar (ikkje alltid same farge på kvar fot), store briller, sølv-lommeur i treningsbuksa, og sitt uendeleg gode humør, var undervisingstimane til Leif aldri keisame.

Å få arbeidsboka tilbake frå Leif var alltid like spennande. Kva sveis eller krøllar har det teikna smilefjeset? Kva kenguru-klistremerke får eg denne gong? Med si sirlege skjønnskrift skreiv Leif beint og vakkert på tavla. Han fekk elevane til å reflektere, og fekk oss til å sjå at vi alltid kunne utvikle oss.

Vi hugsar at då klassa vår overnatta på skulen på Silda, sov Leif like gjerne ute under stjernene. Det var like varmt og fint ute, meinte han. I desember tente vi adventslys på starten av timen, uansett om vi var i klasserommet eller svømmebassenget (då måtte sjølvsagt lyset flyte på ein liten båt på vatnet).

Var det vinter og mykje snø ute, kunne Leif planlegge litt frisk snøbading som ein del av svømmetimen vår. Då klassa var på leirskule i 7. klasse, vakna hytta vår kvar morgon til at Leif song av full hals: «Kjerringa klipte geitebukken sin, fire merker veide ulla», og vi brast i latter. Leif hadde ei utruleg evne til å gjere ting som ikkje vanlegvis var gøy til å bli morosamt.

Leif var ein rettferdig og god lærar, som såg kvar einaste elev og ikkje gjorde skilnad på oss. Leif sin entusiasme for elevane og faga han underviste spreidde seg til oss, og inspirerer oss framleis den dag i dag. Leif lærte elevane sine så mykje både innanfor fag, men også korleis vi skulle vere som personar. Vi tenkjer framleis ofte på Leif.

Leif Breidalen var eit unikum av dimensjonar. Vi kjem til å hugse han og alle dei artige sprella vi fekk oppleve i tida vår ved Skram skole.

Fred over Leif Breidalen sitt gode minne.