Utstillinga har måleri av Sara Elisabeth Tunheim og Mads Svendsen Merbeth.

Sara Tunheim bur og arbeider på Alnes, og bruker det nære – natur, hus og folk – som motiv i bilda. Ho har også nyleg avslutta ei utstilling i Galleri Heer i Oslo.

Mads Svendsen Merbeth bur og arbeider i Dresden.

Begge kunstnarar har mange års utdanning frå høgskular, akademi og private studium.

Som svært mange kunstnarar har dei også hatt det ein kallar brødjobbar for å finansiere arbeidet med kunsten sin.

Begge har derfor arbeidd nokre år i Den Norske Opera i koret, og Mads Svendsen Merbeth har til og med vore tenorsolist ved ulike operahus i Europa.

Den siste tida har dei imidlertid kunne arbeide på heiltid med kunst og måleri.

Utstillinga på opnar laurdag 9. juni og blir ståande fram til 1. august. Lundgarden har både galleri og kafé.