Det var skikkeleg surt vêr, men tøttene leverte så til dei grader at publikum stod ute i regnet i to timar for å få med seg alt.  Etter avslutninga, som var Åge Aleksandersens “Levva livet”, fekk alle på scena trampeklapp frå eit entusiastisk publikum.

I kveld står Åge & Sambandet på scena. Det har slutta å regnem og det ser ut til å bli ein fin dag. Festivalarrangørane ventar 2.000 publikummarar til kveldens konsert.

Fredag morgon ønskte Bjarne Bjarne Pedersen i Kalvåg Kystlag og hamnesjef Svein Olav Igland alle besøkande velkommen til Kalvåg. Det er venta vel 200 båtar og nesten like mange bubilar til bygda, og det blir rekna med at 4.000 besøkande er i Kalvåg festivalhelga.